Det er duka for lokalderby på Kuventræ – Kom på kamp!

Det blei ein thriller sist Os og Lysekloster møttes. Den gang vant Os 4-3. Foto: Hordalandsfotball

Laurdag kl. 15.00 er det duka for eit nytt lokalderby når Lysekloster kjem på besøk til Kuventræ! I det førre møtet mellom Os og Lysekloster blei det ein forrykande sjumålsthriller som endte med Os-jubel og 4-3 siger på Kuventræ. No smeller det igjen!

«Me gler oss enormt og er veldig klare for ein tett og tøff kamp! Kampane mot Lysekloster er to av høgdepunkta i sesongen og eg kan garantere at alle med Os-drakt vil spele med hjertet utpå drakta og gje alt for at Os-publikummet skal få mykje å juble for», seier Os sin kaptein Marius Mikkelsen. Hovudtrenar Endre Brenne ser også fram til kampen.

«Me gler oss enormt. Me har utruleg lyst å vise oss frå vår beste side med å vere offensive, angripe og underhalde. Eg har stor tru på at gutane tek med seg energien frå publikum og leverer ein bra kamp! Kom på kamp!», oppmodar Endre Brenne.

Det er ingenting å nøle på, kom til Kuventræ i morgon kl. 15.00 og løft A-laget fram til nye poeng!

Velkommen til storkamp!