Draumen om Ullevaal lev vidare for A-laget

Os møtte Austevoll til opprykksduell til 2.div i 2009. Det endte med Os-jubel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

A-laget er vidare til andre kvalifiseringsrunde til NM for menn 2018!

 

Våre menn vann sundag kveld 3-1 mot Stord på Vikahaugane stadion. Os kom best ut av startblokkene, var aggressive og spelte seg til fleire gode innlegg. Noko som gav tidleg utteljing. Allereie etter eit par minutt spel sneik eit innlegg frå Torgeir Lunde seg forbi alle i feltet og havna hos Øystein Takle Eide på bakerste stolpe. Øystein var iskald og «curla» ballen elegant i det lengste hjørna. I kjølevannet av skåringa fortsett Os å spele seg til fleire store sjanser, utan å klare å auke leiinga. Blant anna kjem Mats Cato Moldskred og Divaldo Cardoso til store sjansar, men uheldigvis blei desse blokkert med eit nødskrik.

Etter ein god start frå Os, kjem Stord meir med i kampen og spelet jamna seg ut. Siste halvdel av omgangen blir prega av mange dueller og spelet blir til tider oppstykka grunna mange frispark. Stord kjem til ein god moglegheit på dødball, men ein god redning av Anders Fossen Lunde gjer at stillinga held seg. Mot slutten av omgangen utnytta Stord eit gunstig brot og kontra inn reduseringa. Laga gjekk til pause med 1-1.

Andre omgang fortsett som den fyrste, med mange tette dueller og eit Os-lag som fortsatte å produsere sjansar. Os gjekk på nytt opp i leiinga i det 63.min med Mats Cato Moldskred etter ein strålande enkeltmannsprestasjon. Han forserte fleire Stord-forsvarar før han lurte ballen forbi keeper, nede ved stolperota.

«Stordingane prøvde å terge meg før kamp med å seie at eg var «ferdig» og «over toppen». Det burde dei ikkje gjort, det berre pirrer meg. Dei angrar nok på det i ettertid» seier Moldskred med eit glimt i auga.

Stord produserer ikkje all verden, men er småfarlege på dødball. Mot slutten av kampen får Stord sin eine store sjanse i omgangen, igjen er det på dødball, men nok ein gang gjer Anders ein god redning. Kort tid etter er det Os som er frampå på ein dødball og Endre Brenne punkterer kampen i det 86.min etter innlegg av Moldskred. Kampen enda 3-1 til Os!

Andre kvalifiseringsrunde blir spelt onsdag 4.april og motstander i den kampen blir Austevoll. Austevoll har me har hatt fleire tøffe bataljer med tidligare og me gler oss til ein ny ein. Også denne kampen blir spelt på bortebane.

Her jublar laget for sigaren etter kampen: