Dette er A-laget si botliste!

Dei aller fleste fotballklubber har ein eller anna form for botsystem som skal halde orden på spelarar og trenarar sine rutiner. Det har også A-laget! Kvartetten Kvåle, Lunde, Håvsgård og Skeie skal sørge for at alle i A-lagsgruppa følger lagets interne regelverk – ellers vanker det bøter!

«Botlista er eit sett av regler som spelargruppa må forholde seg til. Det er på ein måte vår indre justis. Det bidrar til god skikk i gruppa når det gjelder å forholde seg til tider, riktig bekledning, oppførsel og så vidare», forteller A-laget sine botsjefer Vegard Strønen Skeie, Anders Hjelle Havsgård, Torgeir Lunde og Stian Kvåle.

Kvartetten forteller at dei aller fleste bøter går på skikk og orden, men at det også er bøter for meir tullete og humoristiske ting. Brot på regler fører til bøter, som blir samla i ein «botkasse».

«Dei mest vanlege bøtene er å komme for seint eller at folk gløymer ting. Det kan vere at ein gløymer utstyr på feltet eller ikkje har med kake når ein har bursdag. Me gjev også klovnebøter når det passer seg. Det kan ein få for alt mogleg. Det er gruppa som bestemmer om det kvalifiserer til ein klovnebot eller ikkje. Og sjølvsagt er det obligatorisk bot til den som ikkje bryter regelverket i løpet av måneden».

Spinnehjul – kvitt eller dobbelt
Nokre av bøtene som svir mest for lommeboka er unødvendig rødt kort, ikkje stille på oppsatt dugnad, gløyme kake på bursdagen og ulike ting på sosiale sammenkomster med laget. Men årets dyreste bot er det trenarane som kan få, utan at kvartetten vil utdjupe det nærare.

Pengeinnkrever Vegard Strønen Skeie forteller at det også er mogleg å kvitte seg med gjelden sin – men det er ikkje utan risiko.

«Me har laga eit spinnehjul der spelarar eller trenarar som har samla bøter over ein viss sum kan velge å satse boten sin. Kvar fredag vil det nemleg vere mogleg å spinne boten ein har spart opp. Boten kan enten bli større, minske, eller bli ståande på same sum, i tillegg kan ein få erstatta bota med ein alternativ straff», forteller Skeie.

Spinnehjulet til A-laget!

Anders Hjelle Havsgård og Torgeir Lunde seier det er unggutta som har bidratt mest i botkassen så langt.

«Så langt er det Tobias Nøss og Elias Heggland Myrlid som har samla flest bøter. Ellers trur me både Vegard og Kvåle kjem til å bidra mykje i botkassen i året som kjem», seier Havsgård og Lunde.

Botsystemet er i tillegg til å vere positivt for oppførsel og rutiner, ein samlende og sosial greie i garderoben.

«Botpengene blir brukt på sosiale aktiviteter for laget og er noko alle i gruppa er ein del av. Det blir mykje prat og diskusjonar om bøter i treningskvardagen og me tek kvarandre i å bryte regler. Det blir ein felles sosial greie og det blir ofte mykje morsomt ut av det», gliser botgjengen.

Gjennomgang av botlista!