Dei gule toga nærmer seg opprykksperrongen!

(Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Dei gule Os-toga ruller i stor fart vidare mot opprykksperrongen. A-laget, damelaget og Os 2 vann alle sine kamper i helga og tok alle eit langt skritt mot opprykk!

Tøft møte med Austevoll

Etter at fredagens kamp mot Austevoll blei flytta grunna stormen «Knud», sette A-laget kursen i retning øya i havgapet eit døgn forsinka, på laurdagen. Det var venta å bli ein knalltøff bortekamp mot eit Austevoll-lag i desperat poengjakt, og det skulle vise seg å stemme. Eit hardt-kjempande og aggressivt Austevoll-lag gjorde det vanskeleg for osingane, som hadde problemer med å handtere kampbilete, spesielt i fyrste omgang. Austevoll fekk kampen inn i det sporet dei ynskja seg, med mange tette og tøffe dueller, mange ballbrot og oppstykka spel med dødballer.

Dei kjempa rett og slett Os ut av stilen og var farleg frampå ved fleire anledninger. Austevoll var farlege på dødballer, samt dei med stor aggressivitet provoserte fram fleire feil hos osingane. Dei kunne med enda større dyktighet, skarphet og marginer framfor mål forvalta sjansane til teljande resultat. I det omgangen bikka halvspelt viste Os kva som av og til skiller topp og botn i slike oppgjer. Øystein Takle Eide utnytta at Austevoll gav eit stort bakrom, før han la eit perfekt innlegg til Rafael Villen, som stanga Os i leiinga. Dette var Os sin fyrste sjanse i kampen og eit slag i trynet for austevollingane. Men Austevoll hadde ikkje tenkt å gje seg med det fyrste og kort tid etter baklengsmålet var dei farleg frampå på eit langt kast som blei heada i tverrligger. Austevollingane nærma seg, noko som gav tru og påfyll av energi. I staden for utlikning var det i det 39.min Os og Rafael som var farleg frampå igjen. Rafael, aka luftens baron, auka leiinga nok ein gang med pannebrasken. Rafael trives tydeligvis godt mot Austevoll ettersom dette forøvrig var hans sjette mål mot Austevoll i 2018. Det er nok lagkameratene veldig glad for!

Det kunne fort blitt fleire mål til begge lag i 2.omgang, men resultatet stod seg kampen ut, til stor lettelse for alle med tilknytting Os. Os hadde betre kontroll på kampen i 2.omg, sjølv om Austevoll aldri gav opp og kjempa godt kampen ut. Det var likavel Os som kunne innkassere tre nye poeng.

Etter at Lyngbø, som er laget som følger nærast Os, avga poeng i helga, kroner no A-laget på topp med 10 poeng ned til nr. 2. Med fire kamper igjen av sesongen kan dermed Os avgjere det heile og sikre opprykket i neste kamp mot Sandviken, laurdag 29.09 kl. 15.00 på Kuventræ! Blir det opprykksfest? Bli med og hjelp laget å sikre opprykket mot Sandviken!

Damelaget eit poeng unna opprykk

På søndag var det damelaget sitt tur i ilden når dei møtte Bjarg til dyst på Kuventræ. Det blei eit tøft og jamt oppgjer, men ein 15-år gamal debutant avgjorde kampen i favør Os/Nore Neset på overtid!

Der måla har rent inn for damene i dei siste kampane, stokka det seg litt meir i kampen mot Bjarg. Sjølv om det lugga litt i spelet var det Os/Nore Neset som produserte dei største sjansane. I det 35.min sendte kaptein Kine Thorsvik, Os/Nore Neset i føringa etter eit strålande frispark, før Bjarg utlikna til 1-1 omlag halvvegs i 2.omg på ein dødball. Damene produserte fleire store sjanser i 2.omg. med både Vy Nguyen, Agathe Lekven og Malin Ludvigsen, som skaut i tverrligger. Det såg ut til å ebbe ut med poengdeling, men på overtid dukka debutant, Celina Eide Døsen opp i feltet. Ho banka ballen i mål og sendte damene til himmels med ein ny seier. Draumedebut for 15-åringen.

Med tre nye poeng i banken og tre kamper igjen av årets sesong, er damene eit poeng unna å sikre opprykket til 3.div. Det får dei sjansen til allereie på torsdag kl. 20.00 mot NHH på Åstveit! Fantastisk! Bli med og støtt damene til poeng og opprykk på torsdag!

Os 2 tilbake på vinnarsporet 

Etter uavgjort i lokalderbyet mot Søfteland i førre kamp var Os 2 på laurdag tilbake på vinnarsporet. Ettersom A-laget sin kamp mot Austevoll på kort varsel blei flytta frå fredag til laurdag, mønstra Os 2 sesongens yngste mannskap mot Fri på Kuventræ. Dei unge osingane løyste oppgåva og drog i land ein viktig og knepen 4-3 seier!

Os 2 starta forrykande og allereie før det var spelt eit minutt låg ballen i nota bak Fri sin sisteskanse, etter ein elegant lobb over målvakten signert Henrik Sperrevik. Os 2 tok med seg energien frå den gode starten og dobla leiinga før det var spelt 10 minutt med Marius Lyssand. Os 2 dominerte, men plutseleg hadde også Fri fått to baller i nota, i det 25. og 39.min og laga stod dermed likt til pause.

I andre omgang var det igjen duka for ny Os 2-jubel når Alexander Tøssebro på nytt sendte Os 2 i føringa i det 63.min. 10 minutt seinare var same mann frampå igjen og auka til 4-2, og roa med det nervene til osingane. Men i det 86.min blei Fri tildelt eit straffespark og reduserte til 4-3, som førte til nokre spennande sluttminutter. Det blei ikkje fleire scoringer i kampen og Os 2 henta heim tre nye og viktige poeng i opprykkskampen.

Neste kamp for Os 2 er søndag 30. september kl. 20.00!

Heia Os!