Damelaget vant 3-1 på Varden!

(Foto: Benjamin Søgnen Olsen).

Os/Nore Neset har fått ein fin start på sesongen – onsdag innkasserte dei årets fyrste siger!

Etter at Os/Nore Neset var tre minutter unna å ta skalpen av ein av opprykksfavorittane Loddefjord i 1.serierunde, slo damene til med ein sterk bortesiger mot Fyllingsdalen 2 3 – 1 på Varden Amfi! Os/Nore Neset sine målscorere var Vy Mai Nguyen x 2 og Vilde Drange Veglo.

«Ein veldig godt gjennomført bortekamp. Vi sliter litt i starten av kampen, men etter me reduserer til 1-1 får heile laget ein enorm «boost» med påfyll av energi, og me tok fullstendig over kampen. Me er nærare 4-1 enn Fyllingsdalen 2 er redusering utover i kampen», seier trenar Stian Kvåle som har retta fokuset mot neste kamp – heime mot Nordhordland/Eikanger/Kvernbit.

«Eg forventer ein tøff kamp mot eit fysisk sterkt lag som har vunnet begge kampane sine så langt. Vi er klare for å ta i mot dei og vise kven som er på heimebane. Jentene er lysten på å fortsette poengfangsten med å ta årets fyrste siger på Kuventræ»

Velkommen til kamp på Kuventræ søndag kl. 18.00!