Målkalas på Kuventræ

Stian Kvåle og Vy Nguyen kunne smile fornøgd etter at damelaget tok sin fjerde strake siger i helga (Foto: Benjamin Søgnen Olsen).

Både Os A-lag herrer og damelaget vann sine kamper i helga. A-laget slo Telavåg 4-1, medan damelaget snudde sin kamp mot Askøy mesterlig til 6-4 siger.

Damelaget tar ferie med sin fjerde strake siger

Damelaget er i god flyt om dagen og tok sin fjerde strake siger etter at dei på mesterleg vis snudde kampen i andre omgang mot Askøy. Os/Nore Neset var ikkje fullstendig påskrudd i fyrste omgang og Askøy gjekk dermed til pause med ein 2-3 leiing. Damene lyfta seg betrakteleg i andre omgang og gav publikummet på Kuventræ ein mesterleg snuoperasjon. Os/Nore Neset snudde kampen til 6-4 siger og er dermed heilt i toppen i sin avdeling etter halvspelt sesong, berre eit poeng bak serieleiar Årstad. Os/Nore Neset sine målskårarar mot Askøy var Agathe Cöllestine Lekven, Malin Ludvigsen, Vilde Drange Veglo x 2, og Vy Nguyen x 2.

Damelaget kan no ta seg ein velfortjent ferie, men etter ryktene å melde vil det likevel trenes godt. Alt ligg til rette for ein spennande haustsesong med eit damelag som kjemper i toppen av tabellen. Neste kamp for damene er søndag 19.august mot Rosendal/Trio på bortebane.

A-laget er tilbake på vinnarsporet

Etter at Os A-lag herrer spelte uavgjort mot Sandviken i førre kamp etter å ha rota vekk sigeren på overtid, var dei tilbake på vinnarsporet mot Telavåg på Kuventræ fredag kveld. Gjestene frå Sund kommune måtte til slutt sjå seg slått 4-1 etter skåringer av Øystein Takle Eide, Rafael Villen og Christoffer Hafsås x 2. Det blei ikkje den store forestillingen på Kuventræ, men det var likevel ingen tvil om at poenga blei igjen i Os. Gutta gjorde jobben og tok tre nye poeng. Fyllingsdalen 2, Os og Lyngbø har dermed fått ein liten luke på toppen av tabellen.

Neste kamp for A-laget er fredag 15.juni kl. 19.00 mot Frøya på bortebane!

Tap for Os 2

Etter tre strake sigrar, blei det stopp på sigersrekka til Os 2 mot formsterke Voss på bortebane. Til tross for at Fabian Bødtker er i skåringsform om dagen og putta begge måla for Os 2, måtte dessverre Os-gutta reise tomhendte heim igjen frå Voss med eit 4-2 tap i sekken. Det tetta seg dermed til i toppen av 5.div bak Osterøy som har fått ei luke på toppen av tabellen. Os 2 ligg på 2.plass. Neste kamp for Os 2 er laurdag 16.juni kl. 14.00 mot Sædalen/Kringlebotn på Kuventræ.

Heia Os!

Øystein Takle Eide sendte A-laget i føringa mot Telavåg (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).