Damelaget sine treningskamper i vinter!

Damelaget er i godt gang med å førebu seg til sesongen 2018 og vil til helga spele sin fyrste treningskamp for året mot Bergen Nord. Kampen vil bli spelt i Vestlandshallen på sundag (18.feb) kl. 18.00. Hovudtrenar Stian Kvåle ser fram til å komme i gang med kamper.

«Det blir godt å komme i gang med kamper. Det er tross alt difor me held på og det me gler oss til. Det blir spennande å sjå spelarane i aksjon og eg håper å sjå mykje speleglede»

Den nye hovudtrenaren vil bruke treningskampane til å øve, samt kartlegge laget. I den fyrste treningskampen mot Bergen Nord ynskjer Kvåle at laget skal ha mest fokus på balltempo og presspel.

I tillegg til kampen på sundag, har Os damelag avtalt treningskamp mot Askøy 17.mars. I mellom desse kampane er Os sine damer på treningsleir i Tyrkia, der Kvåle også håper og trur det blir ein treningskamp.

Møt opp i Vestlandshallen sundag kl. 18.00 og sjå damelaget i aksjon for fyrste gang i 2018. Vel møtt!

Oversikt over damelaget sine treningskamper i vinter: 

18.feb     Bergen Nord – Os     Vestlandshallen. Avspark kl. 18.00.

24.feb – 4.mars Treningsleir Tyrkia. Motstander ikkje klar.

17.mars  Os – Askøy                Kuventræ stadion. Avspark kl. 15.00