Damelaget surfer vidare – på sundag er dei klare for årets siste kamp!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden)

Os/Nore Neset surfer vidare med gode resultater! Laget har berre hatt to nederlag i haust og har vunnet dei tre siste oppgjera mot Djerv, Krabbetor og Solid/Trott. På sundag blir det fotballfest med jentefotballdag på Kuventræ når damene spelar årets siste kamp for sesongen!

Os/Nore Neset har gjort ein god sesong i comebacket i 3.divisjon og ligger før siste kamp mot Sotra på 5.plass med 37.poeng. Før sundagens oppgjer mot tabelltoer Sotra har ikkje damene tapt på fem oppgjer. Dei tre siste kampane har enda med solide sigrar 1-5 mot Djerv og Solid/Trott på bortebane og 4-2 mot Krabbetor på Kuventræ.

Damene får ei fantastisk ramme rundt årets siste kamp når Os/Nore Neset har invitert alle 10-15 åringar til gratis treningsøkt og kamp på Kuventræ! Det vert full rulle med trening, fart og moro med trenarar/spelarar frå Sandviken, god mat og drikke, og moglegheit til å verta inspirert av og betre kjent med profilar på Os Damelag. Det blir gøy – meld deg på!

Program for dagen:
13:30 Oppmøte og registrering ved Os Fotball klubbhus, Kuventræ
13:45 – 1515: Treningsøkt der jentene vert delte i grupper etter alder og lag
15:20 – 15:50: Mat og drikke i klubbhuset
16:00 – 17:45: Damekamp 3.div. Os – Sotra

Påmelding: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLScjxrERcEpn2fvFIDlRbTdxIFc0LOXrPZazpnePTn1vcra60Q/viewform