Damelaget sikra sigeren på tampen!

Os/Nore Neset innkasserte tre nye poeng når dei møtte Krabbetor til kamp i 2.pinsedag. Damene våre hadde tilsynelatande full kontroll på kampen og leia komfortabelt 2-0 etter scoringar av Malin Ludvigsen og Vy Nguyen. Men damene blei kanskje litt vel komfortabel. I det Os/Nore Neset letta litt på gasspedalen var nemleg Krabbetor frampå med to raske scoringar.

«Me hadde full kontroll på kampen og produserte ein haug med store målsjanser, men når me gjekk opp til 2-0 slapp me oss litt nedpå. Det straffa seg», seier trenar Stian Kvåle.

Etter 77.minutter stod det likt i målprotokollen, til stor fortvilelse hos osingane. Like før slutt skulle den enorme skuffelsen gå over til pur glede. Etter klabb og babb på eit hjørnespark dukka Amanda Langhelle Troøyen opp og lurte ballen over mållinja til 2-3. Os/Nore Neset kunne dermed juble for tre poeng med heim i bagasjen. Seint, men godt seier Kvåle.

«Det var verkeleg fortent at me fekk med oss alle poenga med heim. Eg synast alle gjer ein strålande innsats og dersom eg skal framheve nokon så synast eg Malin Ludvigsen spelte ein meget god kamp. Ho var arkitekten bak det meste av det me skapte offensivt med fine gjennombrotspasninger, samtidig som ho dekka enorme rom defensivt», avslutter Kvåle.

Søndag kjem Solid/Trott på besøk til Kuventræ. Kampstart kl. 15.00!

Vel møtt!