-Eg er utruleg stolt over jentene

Os/Nore Neset kan juble for opprykk til 3.divisjon!

Os/Nore Neset er klare for opprykk til 3.divisjon!

Damelaget vann i går kveld sin ellevte strake siger og kunne med det sleppe jubelen laus for opprykk til 3.div! Ein fantastisk prestasjon av damene.

«Eg er utruleg stolt over jentene. Innsatsen og arbeidet dei har lagt ned sidan eg kom inn som trenar i vinter for å sikre dette opprykket er det berre å ta av seg hatten for. Det er ein lærevillig, flink og munter gjeng som det er ein draum å få vere trenar for», seier Stian Kvåle, som ein stolt og audmjuk trenar, før han legg til.

«Sjølv med ei lang rekkje sigrar har jentene beholdt fokus på arbeidsoppgåver og tatt kamp for kamp. Konsentrasjonen og arbeidsinnsatsen i trening og kamp har vore fantastisk! Det kombinert med eit godt samhold og stor speleglede trur eg er noko av nøkkelen bak årets gode sesong»

Kaptein for laget, Kine Torsvik, er også full av lovord om eigne lagvenninner.

«Eg er kjempefornøyd med innsatsen til alle! Bak denne prestasjonen ligg det mykje hardt og godt arbeid frå samtlege. Det har vore godt oppmøte på trening slik at me har trent godt, samtidig som me har eit utruleg sterkt samhold og god stemning i gruppa. Utruleg gøy å få lønn for det med eit opprykk!», seier Torsvik.

Torsvik legg til at støtteapperatet rundt laget, med spesielt trenar Stian Kvåle i spissen, har vore særs viktig for gruppa i årets sesong og fortener skryt. Kvåle på si side vil ikkje trekke fram enkelte spelarar fordi han meiner samtlege på laget fortener skryt, heder og ære.

Damelaget har ikkje vore i 3.div sidan 2009 og tek altså i 2019, 10 år etter nedrykket, steget tilbake til divisjon. Spelarane i dagens tropp som også var med førre gang laget var i 3.divisjon, er Linda Johansen, Charlotte Balland, Jeanett Borgen Kallekleiv og Malin Martine Moldskred. Moldskred trur dette er veldig positivt for damefotballen i bygda!

«Dette er fantastisk for utviklingen rundt damefotballen i Os. At me no tek steget tilbake til 3.divisjon gjer at tilbodet i bygda bli betre og at mange av våre unge talentfulle jenter fortsatt kan ha ein fin utviklingsarena her. I tillegg håper og trur eg damefotballen får større merksemd og blir meir likestilt med herrefotballen», seier Moldskred.

 

Spikeren i opprykkskista og det ellevte laget på rad som måtte sjå seg slått av Os/Nore Neset i går var NHH på bortebane. Det blei ein tøff kamp, men damene trakk det lengste strået og vann oppgjeret 4-0. Spydspiss for damene, Vy Nguyen, fylte 21 år i går og feira slik ho kan best, å score mål. Ho smalt inn sitt 19. og 20. mål for sesongen, medan Malin Ludvigsen og Michelle Gassmann scora dei to resterande måla.

I pausa på A-laget herrer sin kamp mot Sandviken på lørdag kl. 15.00, vil det bli ein velfortent markering av opprykkslaget! Ta turen og gje damene ein fortent hyllest!

Me gler oss til fortsettelsen. Gratulerer så mykje med ein flott sesong og opprykk!