Damelaget har ikkje tapt på eit år!

Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Os/Nore Neset fortsetter den gode sesongstarten. Laurdag var det Nymark som måtte sjå seg slått og damene kunne dermed innta tabelltoppen – eit år (!!) sidan førre nederlag!

«Eg er utruleg stolt over jentene som viser ein sterk mentalitet med å klare å gjenskape gode prestasjoner over ein så lang tid. Det er ein sterk prestasjon å gå eit år utan nederlag! Me har over tid bygd ein god treningskultur med stor lagmoral og jenter som virkelig har eit stort ynskje om å gjere det bra saman. Dette har me vidareutvikla i vinter og har vore ein stor fordel i sesongstarten. Me er sjølvsagt godt fornøgd med å stå som ubeseira etter fire runder, men me kan ikkje kvile på laurbæra av den grunn! Me må fortsette å ta kamp for kamp med den same innstillingen, stort fokus og enorm innsats», sier trenar Stian Kvåle.

Stian Kvåle meinar laget hadde relativt god kontroll mot Nymark sjølv om laget hans hamna under på eit straffespark. Etter målet handla nemleg det meste om Os/Nore Neset og Vilde Drange Veglo. Fyrst utlikna Veglo til 1-1 før ho la opp til Celina Døsen som satte inn 1-2 og kampen var snudd. I 2.omgang punkterte Veglo kampen med sin andre scoring for dagen som også blei sluttresultatet, 1-3. Laget står dermed med 10 poeng etter fire seriekamper.

Søndag 12.mai kl. 18.00 er det duka for Os/Nore Neset mot Fana på Kuventræ! Vel møtt!