Damelaget og Os 2 opp på tabelltopp!

Damelaget og Os 2 har begge lag hatt ein sterk start på hausten. Etter helgas kamper klatra begge lag til tabelltopp!

Os/Nore Neset møtte søndag 2.september Tertnes på Åstveit idrettsanlegg. Tertnes kunne med siger mot Os/Nore Neset melde seg på i opprykkskampen, men det var ikkje damene frå Os mykje interessert i. Os/Nore Neset feide nemleg Tertnes av bana med heile 9-0 og kunne etter braksigeren klatre opp på tabelltopp! Vilde Drange Veglo noterte seg heile seks ganger i målprotokollen, i tillegg til Vy Nguyen og Malin Ludvigsen x 2.

På torsdag venter toppkamp mot Årstad på 2.plass på tabellen på Kuventræ kl.19.00! Vel møtt!

 

Os 2 slo tabell-leiar Osterøy!

Os 2 reiste på søndag til Osterøy for å møte tabell-leiar Osterøy. Det unge Os-mannskapet beit godt i frå seg og vann toppoppgjeret 2-0. Ein sterk siger, som blei belønna med at Os 2 klatra forbi Osterøy på tabellen og overtok tabelltoppen. Os 2 sine målscorarar var Trym Fløysand Hjørnevik og Fabian Bødtker.

Neste kamp for Os 2 er fredag 7.septemeber mot Nymark kl. 20.00 på Kuventræ! Vel møtt!