Damelaget: Oppsummering av vårsesongen med Stian Kvåle!

Damelaget har hatt mykje å juble for i vår og kjempar i toppen av tabellen!

Etter halvspelt sesong har damelaget til Os/Nore Neset imponert og kjempar i toppen av tabellen i 4.div.   Hovudtrenar Stian Kvåle er godt fornøyd med spelarane sine som no har fått ein velfortent ferie. Me har teke ein prat med Kvåle om vårsesongen og kva han tenker om siste del av sesongen.

«Totalt sett er eg veldig fornøyd med vårsesongen. Me ligg to poeng bak serieleiar med ein kamp mindre spelt og me er det laget som har scora flest mål. Dersom det er noko eg kan pirke litt på så er det at me av og til slepp inn litt for enkle mål. Men det vil me forbetre til haustsesongen», seier Stian Kvåle.

Etter ein god vårsesong skal ikkje damelaget kvile på laurbæra. Kvåle fortel at spelarane skal få ein velfortent ferie, men at laget skal trene godt fram til kampen mot Rosendal/Trio 19.august.

«Me tek no ein velfortent ferie på nokre veker der spelarane får lada batteria, før me startar opp igjen med fellestreninger og oppkjøring til haustsesongen 16.juli. Spelarane skal likavel få halde kroppen i gang i ferien og me har gjeve dei eit eigentreningsprogram slik at dei held formen vedlike. 

Kvåle fortel vidare at det venter ein veldig spennande start på haustsesongen og det difor gjeld å vere førebudd når alvoret startar igjen.

«Me har flytta den eine kampen frå vårsesongen over til hausten, slik det blir eit tett kampprogram når me startar opp igjen. I tillegg møter me mange av laga me kjemper med i toppen av tabellen i denne perioden. Så oppstarten etter ferien blir veldig viktig og kan vere avgjerande for utfallet av årets sesong. Me skal difor trene godt og vere godt førebudd til me startar igjen. Me prøver også å få til ein treningskamp i begynnelsen av august. Me gler oss til ein spennande haust», avslutter ein optimistisk Kvåle.

Me gler oss til ein spennande haustsesong på Kuventræ og me ynskjer damene og trenarteamet lukke til med siste del av sesongen! Laget starter opp igjen søndag 19.august mot Rosendal/Trio kl. 14.00 på bortebane.

Heia Os!

Sjå tabellen her:
https://www.fotball.no/fotballdata/turnering/hjem/?fiksId=158909