Damelaget leverte målshow på Kuventræ!

Tilbake på vinnarsporet med knusande siger

Etter nokre slag i trynet i dei siste kampane slo damelaget kraftig tilbake mot Fana 2 fredag kveld. Damelaget leverte målshow på Kuventræ og gav seg ikkje før det stod heile 7-1 i målprotokollen. Då kunne dei sleppe jubelen laus!

Firemålsscorer 

I likhet med resten av damene spelte Vy Nguyen ein strålande kamp på topp mot Fana 2. Ho teikna seg på scoringslista heile fire ganger og var godt nøgd med laginnsatsen.

«Veldig kjekt at heile laget spelte ein bra kamp. I motsetning til tidligare, så var me meir effektive og scora på sjansane våre i går. Det var veldig kjekt. Det var også viktig for motivasjonen etter nokre nederlag i dei siste kampane», seier firemålsscorer Vy Nguyen.

Storscoraren var også nøgd med eigen prestasjon og kan meddele at ho no leiar ein intern målpoeng-konkurranse med kjæreste og a-lagsspelar på herresida, Endre Brenne.

«Eg er godt fornøyd. Eg har aldri scora fire mål i ein kamp før, så det var veldig kjekt. 

«Eg og Endre har eit veddemål om kven som klarer flest målpoeng i årets sesong. Sidan han er back, får han poeng for mål og assist, medan eg får poeng for mål. Etter kampen i går leiar eg no med eit poeng, men eg skal knuse han», seier Vy sikker.

Me håper damelaget og Vy fortsett i same trend vidare. Då skal nok Brenne få det tøft i den interne konkurransen. Det blir spennande å følgje målpoeng-konkurransen og damelaget vidare. Neste kamp er søndag 27.mai kl. 18.00 mot Bjarg på Stavollen.

Heia Os!

Kampfakta:
Målscorere: Vy Nguyen x 4, Linda Johansen, Malin Ludvigsen og Michelle Beracis.

Startoppstilling:
Emilie Askvik Bøe – Charlotte Balland, Linda Johansen, Thale Skeie, Marthe Gaassand – Michelle Beracis, Malin Ludvigsen, Andrine Røttingen Døsen – Tuva Søreide Solberg, Vy Nguyen, Agathe Cöllestine Lekven.

Spelarar med speletid:
Victoria Hufthamar, Ida Skaathun Blindheim, Tonje Stamnes Lindbom, Anna Månes.