Damelaget klatra opp på opprykksplass!

Toppscorer Vy Nguyen (Foto: Benjamin Søgnen Olsen).

Os/Nore Neset Damer slo eit godt Bremnes-lag og klatra med det opp på opprykksplass!

Dei frammøtte tilskodarane på Kuventræ kunne torsdag ettermiddag sjå ein damekamp med forrykkande tempo og mykje bra spel. Det var berre to poeng som skilte laga før kamp, i favør Os/Nore Neset, og damene kunne med siger få seg ei luke til Bremnes og samtidig ta eit godt steg i opprykkskampen. Med 4-1 sigeren klatra damene opp på lånt tabelltopp før Krabbetor sneik seg forbi på betre målforskjell kort tid seinere på kvelden. Måla til Os/Nore Neset blei scora av Agathe Collestine Lekven, Vy Nguyen, Vilde Drange Veglo og Ida Blindheim.

Ei av arkitektene bak gårsdagens siger var Kine Torsvik, som i kampen mot Bremnes fekk tildelt kapteinsbindet for fyrste gang under Stian Kvåle sin tid som dametrenar.

«Bremnes har eit godt lag med unge, raske og flinke spelarar, men eg synst me var hakket betre i går. Me har trent godt i sommer, noko me tjente på utover i kampen, og eg føler det hjelp oss med å ha overskudd med oss til kamp. Det var ein viktig kamp for å helde tritt med laga i toppen og for at me kan nå ambisjonen om opprykk«, seier Torsvik.

Torsvik kom i vinter tilbake til Os/Nore Neset etter fleire år med spel i høgare divisjoner, blant anna med Arna-Bjørnar i Toppserien.

«Det er veldig gøy å vere tilbake i klubben. Det er ein veldig fin gjeng med mange av dei same jentene som var her under mitt førre opphald. Stian og Tore gjer også ein veldig god jobb rundt laget. Det er også kjekt at det er så mange unge framadstormede jenter som er på veg opp».

Trenar Stian Kvåle roser Torsvik og resten av damene etter sigeren.

«Kine spelte ein kjempekamp i likhet med resten av damene. Ho tok ansvar, gjekk framfor som eit godt eksempel og leia resten av laget på ein god måte. I tillegg til å vere ein strålande ballvinner på midtbana, fordelte ho baller og dikterte spelet på ein god måte», seier Kvåle om kapteinen sin i gårsdagens kamp.

Torsvik sjølv synast det var kjekt å spele, men framsnakka laget framfor sin eigen prestasjon. I likhet med Torsvik var også Kvåle godt nøgd med å innkassere tre viktige poeng i opprykkskampen.

«Eg er strålande nøgd med gjennomføringa og disiplinen til damene. Samtlege spelarar viste enorm innsats og spring rett og slett Bremnes i senk. Bremnes er eit veldig godt lag og det var høgt tempo i kampen. Me merka at Bremnes begynte å bli sletne inn til pause og då ynskja me å utnytte det. Me veit at me er godt trente og ville difor fortsette å helde høgt tempo i 2.omg. Det lukkast me med, og med unntak av eit par sjanser i mot, hadde me god kontroll», seier Kvåle.

Med sigeren viser laget at dei for alvor blir å rekne med i opprykkskampen. Dei ligg no på 2.plass med like mange poeng som tabell-leiar Krabbetor, og eit poeng framfor Årstad på 3.plass. Damene møter både Krabbetor og Årstad på Kuventræ i haust. Torsvik og Kvåle er begge optimister.

«Alt er opp til oss sjølv. I haust møter me Krabbetor to ganger på Kuventræ, grunna baneproblematikk for Krabbetor etter flytting av kamp, samtidig som me også tek i mot Årstad her heime. Det blir ein haust med mange spennande kamper! Me ligg godt an og eg er optimist med tanke på framtida og kampane som kjem i haust. No venter ei god treningsveke før neste kamp mot Tertnes søndag 2.september», seier Kvåle.

«Me skal klare ambisjonen om opprykk!», avslutter ein offensiv Torsvik.

Neste kamp mot Tertnes blir spela på Åstveit Idrettspark 2. september kl. 18.00. Neste heimekamp er mot opprykksrival Årstad torsdag 6.september kl. 19.00. Bli med og støtt damene i kampen om opprykk!

Heia Os!

 

Kampfakta:
1-0 Agathe Collestine Lekven
2-1 Vy Nuyen
3-1 Vilde Drange Veglo
4-1 Ida Blindheim