Damelaget er klare for lokalderby mot Fana!

Foto: Benjamin Søgnen Olsen, Os & Fusaposten

Os/Nore Neset kvinner har levert ein god sesong så langt i 3.divisjon. Etter siger mot Fyllingsdalen 2 og Nordhordaland/Eikanger/Kvernbit, blei det uavgjort mot Nymark i førre kamp. Måndag er damene klare for lokaloppgjer mot Fana på Nesttun!

«Eg er godt nøgd med gjennomføringane mot Fyllingsdalen 2 og Nordhordaland/Eikanger/Kvernbit. I oppgjeret mot Nymark presterte me eit par hakk ned i forhold til dei føregåande kampane, sjølv om me produserte meir enn nok sjanser til å score fleire mål i den kampen. Jentene skal ha ein klapp på skuldra for det defensive arbeidet i dei siste kampane. Motstandarane har ikkje komen til mange sjanser», seier trener Stian Kvåle. 

Når det gjelder måndagens lokalderby mot Fana er Kvåle offensiv, men er klar på at det blir ein veldig tøff kamp.

«Me møter eit veldig bra Fana-lag som er i ein god periode. Det blir ingen lett kamp, men me er klare for å gje dei ei god kamp. Me går som alltid for siger!», seier ein offensiv Kvåle.

Damelaget ligger på 5.plass med 26 poeng, medan Fana ligger på 3.plass med 28 poeng.