Damelaget sitt 7-lag blei seriemester

Til årets sesong starta damelaget opp med eige 7-arlag etter initiativ frå ei av damespelarane, Jorunn Staverløkk. Dette har vore ei gruppe med godt miljø og samhald, som i likhet med Os/Nore Neset sitt 11-lag, har gjort det skarpt i 2018-sesongen. I helga blei det nyopstarta 7-arlaget seriemester i 2.div 7-ar!

Med ein kamp til gode av årets sesong sikra Os/Nore Neset 7-ar seriemesterskapet mot Apollo/Nordsiden-Askøy på søndag. Den kampen vann damene 4-1 og ingen andre lag kan dermed ta dei igjen på tabellen. Laurdag, 20.okt kl. 14.00 spelar seriemesterne sin siste kamp for sesongen. I det oppgjeret møter dei Kalandseid på Kaland.

Det er kjempeflott at damelaget har starta opp med eige 7-arlag med stor fotballglede, positiv energi, godt miljø og samhald. Dette er viktige grunnsteiner i Os Fotball!

Gratulerer Os/Nore Neset 7-ar med ein flott sesong!