Cup-exit for A-laget

Henrik Sperrevik debuterte frå start for A-laget mot Fana (Foto: Hordalandsfotball).

Det blir ingen cupeventyr på Kuventræ i år – i går måtte A-laget sjå seg slått av Fana i 2.kvalifiseringsrunde til NM!

«Me er skuffa over at me ikkje går vidare. Me starta kampen nølande og unøyaktige, men hever oss betraktelig i 2.omg og er nære på å utlikne. Me tar me oss det positive og gler oss til å slå sterkt tilbake», seier hovudtrenar Endre Brenne.

Det blei ingen høydare av ein kamp frå Os-mannskapet på Nesttun. Fana tok tidleg leiinga og kunne med enda meir marginer hatt eit større forsprang til pause. Sett vekk frå eit par halvsjanser og eit farleg skudd frå Moldskred hadde ikkje Os mykje å komme med før halv tid.

Etter å ha samla troppene kom våre gutter meir til sin rett utover i kampen. Os trykka på og gjorde eit heilhjerta forsøk på å utlikne, men blei for unøyaktige i dei avgjerande situasjonane. Dermed ebbet det ut med 1 – 0 siger til Fana og ingen cupeventyr på Kuventræ i år! Me gratulerer Fana med avansement til 1.runde i NM.

Det er gledelig å ta med seg at to ungdommer frå eigne rekker fekk sine debuter frå start for A-laget i går. Jonas Hovland og Henrik Sperrevik gjorde begge ein fin figur! Gratulerer med debut!

2. kvalifiseringsrunde til NM for Menn 2019:

Fana – Os: 1-0
Startoppstilling:
Chris Sunde Midthun – Anders Havsgård, Jonas Hovland, Alexander Dale, Vegard Skeie – Rune Åsheim Mo, Henrik Sperrevik (Marius Mikkelsen, 75.min), Steffen Kvamsdal – Fabian Bødtker, Roger Ekeland og Mats Cato Moldskred.