Bookkeeper er med på laget!

Bookkeeper er med på laget! Dei tidligare Os-spelarane Torbjørn Hjelle (t.v), Jonn-Norvald Kuven (midten) og Tommy Hjelle (t.h) i Bookkeeper, poserer her framfor skiltet sitt på Kuventræ med dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Os Fotball har den store glede av å meddele at reknskapsbyrået Bookkeeper har inngått eit samarbeid med Os Fotball! Bookkeeper har to kontorer på Os, der dei blant sine ansatte har mange nåværande medlemmer og tidligare aktive spelarar frå Os Fotball. Nokre av dei tidligare Os-spelarane Tommy Hjelle, Torbjørn Hjelle og Jonn-Norvald Kuven, er sentrale aktører i Bookkeeper og dei møtte onsdags morgon på Kuventræ for å synleggjere samarbeidet. Dei kunne fortelle at dei ansatte sin tilhørighet til klubben er ein av fleire faktorar til at Bookkeeper ynskjer å vere med å støtte arbeidet i klubben.

«Bookkeeper har to kontorer på Os, hvor vi blant våre ansatte har mange nåværende medlemmer og tidligere aktive spillere fra Os Fotball. Vi ønsker å bidra til at dagens barn og ungdommer har eit godt aktivitetstilbud på Kuventræ. Bookkeeper støtter derfor klubben slik at Endre og co kan legge forholdene best mulig til rette for de som vokser opp i bygda i dag. Vi har derfor inngått et samarbeid og ønsker alle lagene i Os Fotball lykke til med sesongen», seier dagleg leier i Bookkeeper Tommy Hjelle.

Bookkeeper er ditt lokale reknskapskontor. Det har dei alltid vore og det skal dei fortsette å vere. Bookkeeper har eit mål om å gjere reknskap og økonomi enkelt og gøy for kunder og ansatte. Dei leverer reknskap, rådgjeving, løn og HR til omlag 3000 kunder i Sør-Norge, alt frå små familiebedrifter til store konsern. Bedrifta satser på ekspertise, samt dei beste tekniske løysingane for å gje kunden betre tid, betre kontroll og betre økonomi. Med Bookkeper sine verktøy kan du oppdatere deg på ditt reknskap når som helst og kor som helst, som også er ein del av deira reknskapsfilosofi.

«Ved hjelp av brukervennlige løsninger gir vi deg nærhet til tallene dine. Vårt mål er at regnskapet ditt skal være oppdatert så ofte som mulig».

Me ynskjer Bookkeeper velkommen til Os-familien!

Sjekk ut den nye sponsoren vår her:

Hjem