Bli med på Eat Move Sleep Løkkefotball 14-15.juli! GRATIS OG FOR ALLE!

Tirsdag og onsdag 14-15.juli smeller me på med Eat Move Sleep Løkkefotball. Tilbudet er gratis og for alle mellom 1.-10.klasse. Arrangementet varer frå 11.00-13.30. Første økt er teknisk drill før borna får i oppgåve og dele inn lag og organisere seg sjølv. Mellom øktene vil me servere frukt og saft til alle deltakere.

Ingen påmelding, berre å møte opp med godt humør og fotballskoa på. Alle born og unge i heile regionen er velkommen til å delta!

Bildet er frå 2018 då mange born og unge tok turen til Kuventræ og EMS Løkkefotball.

Spørsmål eller kommentar kan sendast til Daglig Leder, Endre Brenne, på endre@osfotball.no

Velkommen til to uforplikande og morosamme fotballdager på Kuventræ!