Bli med i målklubben!

Målklubben til Os Fotball er ei støtteordning som gjev trufaste supportarar – bedrifter og privatpersonar, moglegheit til å støtte klubben med eit fast beløp for kvart mål herrelaget skårar i årets sesong!

Link til målklubben: http://j.mp/37WCgo5

Alle medlemmar får liveoppdatering på SMS under kamp, og er med i trekninga av fine premiar. Hovudpremien er to reisegåvekort med ein verdi på 3000 kr per stykk med Bergen Sportreiser!

Tipp også kor mange mål herrelaget skårar i årets sesong (seriespel) og du er med i konkurransen om eit gåvekort på 1000 kr frå samarbeidspartnaren vår Sport Norge! Den som tipper riktig eller er nærast antall skåra mål vinn gåvekortet. Dersom det er fleire som har tippa riktig eller er like nære, blir det trekning om vinnaren.  

Tusen takk for støtta – me set stor pris på ditt bidrag!