BETONGGULV ER MED VIDARE

Det er med stor glede me kan meddele at Betonggulv forlenger engasjementet sitt med Os Fotball!

«Betonggulv har vore ein trufast støttespiller i lang tid og me er veldig glade for at dei vil vere med vidare», seier dagleg leiar Endre Brenne.

Betonggulv AS er ein bedrift som har spesialisert seg på det komplette gulv sidan 1979. Bedrifta har unik ekspertise innan faget og har utstyret og kompetansen til alle typar oppdrag! Dei støyper alt frå store industrigulv til små badegulv og har blant anna bred erfaring med å leggje epoxygulv (som er slitesterkt, fugefrie og lett å vaske).
Besøk dei på nett her: https://www.betonggulv.no/Om-Oss

Me gler oss til vidare samarbeid!