Bærekraftig fotballfest på Kuventræ

Me arrangerte i helga Norges mest bærekraftige fotballcup på Kuventræ, og for ein fantastisk fotballfest det blei! Med ei rekkje miljøvenlege tiltak, flust med kjendisar, strålande vêr og over 170 lag som saman med familie og vener samla fleire tusen på Kuventræ, blei Os Fotball sin Eat Move Sleep-Cup 2018 av det unike slaget. Eat Move Sleep-cup er ingen vanleg fotballcup. Dette er ein fotballcup med meining!

Eat Move Sleep er eit konsept som set fokus på sunne livsstilsvaner i samfunnet gjennom å formidle viktigheten av kosthald, fysisk aktivitet og søvn. Me i Os Fotball er så heldige å få vere ambassadørklubb for dette gode konseptet, og me har då i oppgåve å spreie bodskapet til lokalsamfunnet. Næringsmiljøet i Os var blant anna invitert til arrangementet i helga. Dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne er stolt og takknemlig etter arrangementet.

«Me er utruleg takknemlig for alle frivillige som stilte opp og bidro på ein fantastisk måte denne helga. Arrangementet er me totalt sett kjempefornøyde med og me har fått mange gode tilbakemeldinger frå besøkande, både publikummere og lag. Det har vore ein fin opplevelse for store og små, det er me veldig stolt over», seier Endre.

Fotball er den største idretten i Noreg, og er difor ein enorm plattform for å nå ut til flest mogleg med det gode bodskap. BAMA, som er ein pådrivar for bærekraftig utvikling, har av den grunn satsa stort på fotballarenaen i lang tid. Dei har saman med Norges Fotballforbund og EAT danna konseptet Eat Move Sleep, nettopp for å sette fokus på bærekraftig utvikling. Dei har også sett verdien av å nå ut med bodskapet til grasrota, og spesielt born som i mange tilfeller er dei som kan få til endringar i familiar og danne gode og sunne vaner i tidleg alder.

BAMA sin stjernekokk Harald Osa presenterte nyheita VegMe under arrangementet. Her tek Gunhild Stordalen seg ein smakebit.

Til årets cup sette me oss saman med BAMA og NFF mål om å arrangere Noregs mest bærekraftige fotballcup. Det blei servert sunn og bærekraftig mat hovudsakleg beståande av frukt, grønnsaker, fisk og grove kornprodukter. BAMA sin stjernekokk Harald Osa presenterte blant anna nyheita, VegMe på arrangementet, som er eit kjøttfritt produkt. Det blei brukt eit minimum av plast i serveringa, og me hadde fokus på kildesortering av avfallet og matsvinn. Deltakarar, publikum og funksjonærar blei også belønna for å la bilen stå, og heller ta beina fatt eller sykle til arrangementet. Små tiltak som gjev store miljøgevinstar!

Storfine besøk på Kuventræ

Storfint besøk av Gunhild Stordalen, Randulle (Sondre A. Dale) og ordførar Marie Lunde Bruarøy på årets Eat Move Sleep-cup på Kuventræ.

Til årets cup fekk me besøk frå fleire kjente namn, til glede for både store og små. I den anledning blei det arrangert eit sceneshow på laurdagen. President i EAT Foundation og miljøvernforkjempar Gunhild Stordalen, opna showet. Stordalen som vanlegvis reiser verda rundt og held føredrag på internasjonale konferanser, var glad for å komme til Os og arrangementet på Kuventræ for å snakke til ei litt anna målgruppe.

«Det føles veldig bra å være her på Eat Move Sleep – Cup, Norges mest bærekraftige cup«, opna Stordalen.

Frå scena kunne Stordalen fortelle at ho sidan ho var barn har vore oppteken av miljø og dyr. Ho hadde ei viktig oppfordring til publikum, noko mor hennar også hadde fortalt til ho når ho var eit barn.

«Selv om ingen kan gjøre alt, så kan alle gjøre litt hver for å bidra til en god og bærekraftig utvikling» sa Stordalen og fortsatte.

«Det handler om å finne gode løsninger som er bra for helsa, for dyrene, for menneskene som produserer maten og verden. Det betyr å spise mindre kjøtt, mer plantebasert og mye frukt og grønnsaker. Vi kan alle bidra til å gjøre en forskjell»

Les kva Stordalen, administrerande direktør i BAMA Rune Flaen og coo i EAT, Dag Hvaring, sa til Midtsiden her: http://www.midtsiden.no/dei-er-endringsagentane

Ordføraren vår, Marie Lunde Bruarøy, kom så på scena og kunne blant anna fortelje at familien hadde teke eit grep for å minske matsvinnet sitt. Dei hadde nemleg skaffa seg høner som åt matrestene, som igjen gav egg i retur. Til anledninga hadde ho difor med nokre av desse kortreiste egga i gåve til Stordalen, noko som blei teke veldig godt i mot.

Ordførar Marie Lunde Bruarøy hadde med ei gåve til Gunhild Stordalen som viste bærekraft i praksis (Foto: Andris Hamre).

Randulle-feber på Kuventræ

Desibelnivået auka så betrakteleg i den yngre skare når Youtube-stjerne og profesjonell gamer, Sondre Austad Dale, betre kjent som Randulle, entra scena. Han gav eit innblikk i livsstilen sin, ein livsstil som kanskje overraska mange når ein tenker på ein profesjonell gamer.

«Smoothie er det beste jeg vet og det gjør meg bedre i FIFA», kunne Randulle fortelje til dei ivrige borna frå scena før han fortsatte.

«Jeg har blant annet merket at bedre kosthold hjelper for å få en god natts søvn, som igjen gjør at jeg prestere bedre når eg spiller. Kombinasjonen av å trene, spise frukt og bær og søvn er viktig for at jeg skal prestere. Jeg spiller på dagtid, for å få nok søvn om natten og ha godt lys til å filme», sa Randulle medan borna høyrte godt etter.

Os TV med stuntreporter Vetle August fekk nokre ord med den populære Randulle (Saken fortsetter under klippet).

Under showet blei så Marie Lunde Bruarøy og Randulle utfordra til ein «Gunhild – quiz». Både Bruarøy og Randulle fekk med seg to unge representanter frå Os Fotball kvar og dei fekk servert eit bredt utval spørsmål. Randulle hadde med seg duoen Vetle August og Gard, medan Sara og Pernille deltok på Bruarøy sitt lag. Quizen enda uavgjort. Les kva Os & Fusaposten skriv om sceneshowet her: http://www.osogfusa.no/nyhende/randulle-feber-pa-kuventre-1.2330203

Show-kamp på sundag

Det begynner å bli ein tradisjon med show-kamp på Os Fotball sin Eat Move Sleep-cup, i år var ingen unntak. Gatelaget var som alltid sporty og stilte opp mot eit samansatt lag med lokale kjendiser. Kjendislaget hadde i år blant anna med seg to ferske olympiske mestere i Sverre Lunde Pedersen og Håvard Holmefjord Lorentzen, 71 grader nord-vinnar Gry B. Skarstein, sentrumsjef William Lindborg og to meter tulling, komiker Thomas Helgesen. Tore Kleppe stod i mål for gatelaget for anledninga. Med topptrente idrettsutøvarar trakk kjendislaget det lengste strået i ein kamp prega av godt humør.

Dei olympiske meistrane Håvard Holmefjord Lorentzen (t.v) og Sverre Lunde Pedersen stilte opp på kjendislaget på Eat Move Sleep-cup (Foto: Andris Hamre).

Dette skriver lokale medier om show-kampen.
Midtsiden: http://www.midtsiden.no/heidra-kameraten
Os & Fusaposten: http://www.osogfusa.no/nyhende/klovnar-i-kamp-1.2330416
http://www.osogfusa.no/nyhende/vaga-ikkje-seia-noko-til-skoytetrenaren-1.2330463

Tusen takk!

Årets Eat Move Sleep – cup blei ein braksuksess, tusen takk til alle som var med å bidra til det!

Tusen takk til alle som har jobba dugnad! Omlag 275 personer har jobba dugnad i helga og me er utruleg takknemlige for hjelpa. Med eit så stort arrangement er me heilt avhengige av dugnadsinnsats og heldigvis er dugnadsånden strålande i klubben. Me hadde ikkje klart det utan dykk!

Tusen takk til BAMA, Norges Fotballforbund og EAT som satsa ekstra mykje på cupen vår i år. Les kva BAMA skriver om cupen her: http://www.bama.no/aktuelt/store-navn-gjestet-norges-mest-barekraftige-fotballcup/

Tusen takk til alle deltakarar, trenarar, foreldre og andre publikummere som ville komma til cupen vår og som hadde med seg godt humør, speleglede og hjalp oss å kildesortere.

Tusen takk til omlag 45 flinke jenter og gutar som gjorde ein flott innsats som klubbdommarar i helga.

Tusen takk til Jadakameratene for lån av kampmål.

Tusen takk til næringslivet, som heile vegen har vore positive og medhjelpeleg. Takk Os Kommune, Sport Norge, Mat fra hjertet, Hagavik Hjemmebakeri, Osfest, Oseana, Osbadet, Lilleballong, Lerøy seafood, TINE, Coor Service Management, BIR og Raymond Marcussen.

Og sist, men ikkje minst, tusen takk til Os Fotball sin arrangørkomite som har planlagt, organisert og gjennomført eit så stort arrangement. Vel blåst!

Me gler oss allereie til neste år. Takk for i år og velkommen tilbake i 2019!

Dagleg leiar Endre Brenne har oversikten.

Freestyle-trikser Sondre Aksnes held trikse-show på scena på sundagen. «WOW» var ein respons som kom fleire gangar frå publikum.

Ansiktsmaling var populært.

 

Her er fleire saker frå lokalmediane om arrangementet.

Midtsiden:

http://www.midtsiden.no/full-fart-i-varmen

http://www.midtsiden.no/kosa-seg-pa-cup

http://www.midtsiden.no/stor-jubel-youtube-helten