Årets film og årets premieutdeling tildelt Os Fotball på EMS-kick off!

Os Fotball er stolt EAT MOVE SLEEP – ambassadør og i helga var klubben på kick-off for EAT MOVE SLEEP 2020. I tillegg til å få påfyll av ny inspirasjon blei Os Fotball tildelt priser for arbeidet som ambassadør i 2019!

Årets film og årets premieutdeling
Os Fotball har vore ambassadør for EAT MOVE SLEEP i fleire år og for tredje året på rad fekk klubben anerkjenning for arbeidet. Tidligare har me fått pris for engasjementet for eldre og den gjeve «årets ambassadørklubb» i 2018. I 2019 har klubben igjen hatt stort fokus på EAT MOVE SLEEP og fekk tildelt prisen «årets film» og «årets premieutdeling».

Det er ein ære og me set stor pris på anerkjenninga! Særleg «årets premieutdeling» med vår kjære Tore Kleppe i spissen, var stas å motta! Tore har i mange år hatt ansvaret for premieutdelinga på klubbens Eat Move Sleep – cup og har verkeleg gjort det til eit høgdepunkt for både store og små med sin fantastiske energi og engasjement! Denne prisen er takka vere Tore!

Me gler oss til å fronte ein sunn og god livsstil i 2020!