Alliansetrening for 2006-kullet i kommunen

Os fotball ynskjer å starte opp med alliansetrening for 2006-kullet i Os kommune. Tanken med alliansetrening er å stimulere spelarane som er mest ivrig til vidare utvikling. Dette er eit prosjekt som er ope for alle som ynskjer.

Os fotball ser også på dette som eit nyttig verkemiddel for å knytte bånd mellom spelarar og trenarar på tvers av klubber i kommunen.

Oppstartstrening blir sundag 21. januar frå kl. 10.00 til 12.00. I forkant av treninga blir det eit informasjons-/foreldremøte frå kl. 09.30 til 10.00.  Hovudansvarleg for prosjektet er Martin Eidsvik.

Her er ein oversikt over kva prosjektet tilbyr:

  • Det blir differensierte treningsgrupper.
  • Det blir gjeve treningstilbod annankvar helg med ein totimers samling med trening, mat og teori.
  • Prosjektet vil vere i tidsrommet januar til april.
  • Det vil bli gjeve eit kamptilbod via eit allianselag.
  • Treninger med kompetente trenarar.

Vel møtt!