Alle kamper mot bergenslag utgår dei neste 10 dagane

Os Fotball ynskjer at alle kamper mot lag frå Bergen kommune (heime og borte) omberammes eller avlyses frå i dag til og med fredag 18. sep. Dette etter oppmodinga frå Bjørnafjorden kommune om at innbyggjarar bør unngå unødvendige reiser til Bergen kommune dei neste 10 dagane. Dette for å hindre smittespreiing av Covid-19.

Ann Josefin Olafsen-Bakke er «smittekontakt» i Os Fotball, så har du spørsmål knytta til smitte og fotballen som du ikkje finn svar på på NFF eller Os Fotball sine heimesider så send ho ein mail på annjosefin@msn.com så skal ho svare etter beste evne.

Kamper mot lag utafor Bergen kommune kan gå som normalt etter dagens retningslinjer for smittevern. Alle kamper skal fortsatt ha kampverter som registrerer alle tilstede på arrangementet med navn, telefonnummer og tidspunkt for eventuell smittesporing. Lagleiarar for kvart lag har ansvar for å registrere spelarar og trenarar/leiarar i forbindelse med kamp. Registreringsskjema skal leveres i kiosken eller til administrasjonen.

NFF Hordaland: https://www.fotball.no/kretser/hordaland/om-kretsen/artikler/2020/trenings–og-kampaktivitet-i-bergen-kommune/

Midtsiden: https://www.midtsiden.no/unnga-unodige-reiser-til-bergen?fbclid=IwAR0c6ZOKR1K6zUG53Fj_OQg9wNgXQAuGy6yKtu1hiwhr9Pp0CBOW4jyKU3c