Albert Haugland Kristiansen finaledommar i Norway Cup!

Dommaransvarleg i Os Fotball, Albert Haugland Kristiansen, representerte i førre veke klubben i Norway Cup. Albert gjer ein god jobb som dommaransvarleg i klubben og har levert ein bra sesong som dommar i eigen krets. Han fulgte opp prestasjonane under veka på Ekeberg og fekk ansvaret for å leie finale-oppgjeret i eliteklassen i J17 mellom Lyn og Vålerenga.

«Det var ekstremt kjekt å få moglegheiten til å dømme finalen i J17. Det viser at gode haldningar og prestasjonar over tid lønnar seg. Det var ein jamn og god kamp, med ein fin ramme rundt», seier Albert.

Albert fortel om eit fint opphald sosialt og sportsleg i Oslo.

«Det var ei veldig fin ramme rundt cupen og utruleg kjekt sosialt og sportsleg. Det var veldig kjekt at dommaravdelingen til Norway Cup fulgte oss dommere so bra opp. Dei gav oss tilbakemeldinger, rettleiing, og sørga rett og slett for at me hadde det bra».

Bra jobba Albert!