Aktivitetsdag for integrering på Kuventræ!

Idretten er ein viktig integreringsarena, og måndag blei det i regi av NFF Hordaland arrangert aktivitetsdag for integrering på Kuventræ. Innvandrarar busett i Os kommune var samla for aktivitetar som fotball, friidrett, basketball og kampsport, med mål om å bli kjent med ein god integreringsarena på Kuventræ.

Den norske formen for deltaking i frivillig verksemd er unik, og mange innvandrarar kjenner ikkje til denne formen for deltaking og sosialisering. Bakgrunnen for arrangementet var å gjere dei kjente med moglegheitane i kommunen, og det vart leia av klubbutviklar for inkludering i NFF Hordaland, Elise Barsnes.

Idretten er ein god arena for å lære språk, organisering og struktur med reglar, normer og tidspunkt, samt ei sosial plattform for å knyte bekjentskap, vennskap og vere ein del av eit felleskap. Gjennom idretten kan ein føle tilhørighet, og knytte bekjentskap og vennskap med andre i lokalmiljøet. Å vere eit idrettslag prega av mangfald og fleirkulturelle gjev også ein stor gevinst til idrettslag og lokalmiljøet.

I Os Fotball seier me JA til MANGFALD – me har plass til alle! Velkommen til klubben!

Dagleg leiar Endre Brenne fortalte deltakarane om tilboda i fotballgruppa.