Ny A-lagstrenar på plass!

I kveld blei den nye hovudtrenaren til herrelaget offentleggjort. Den nye trenaren er å finne i eigne rekker; Endre Brenne tek over roret!

Styreleiar Jon Sivert Rykkel deler at styret har stor tru på den nye trenaren på Kuventræ.

«Vi har stor tru på Endre som trenar og vi er veldig optimistiske til at han vil fortsette å gjere ein god jobb for klubben. Han er profesjonell og har god sportslig forståelse. Me er veldig glade for at han takka ja til tilbodet», seier styreleiar Jon Sivert Rykkel.

Endre Brenne sjølv gler seg til å ta fatt på nye utfordringar.

«Eg gler meg stort til å ta fatt på ein ny og spennande utfordring. Eg har trenarambisjonar og følte at tida var inne for å tre inn i seniorfotballen som trenar når eg no fekk tilbodet. Eg kan nesten ikkje vente til å sette i gang med arbeidet!», fortel den ferske A-lagstrenaren før han fortel vidare.

«Med dei nye oppgåvene trer eg vekk frå stillinga som dagleg leiar og legg sjølv skoa på hylla. Eg kjem til å ha mange av dei same oppgåvene som før, men det blir no i enda større grad fokus på sport og arrangement. Eg vil uansett fortsette å gjere alt i mi makt for å gjere ein god jobb for klubben» 

Brenne fortel at osingane kan forvente seg ein aggressiv, framoverretta og underhaldande fotball på Kuventræ i 2019 – ein fotball som både vinn fotballkampar og publikum!

Me gratulerer Endre Brenne så mykje med jobben og gler oss til å følge utvikla!