A-laget snudde vanskeleg bortekamp

Her feirer Rafael Villen og Endre Brenne for scoring mot Sund på Kuventræ i vår. Mot same motstander i går sat jubelen definitivt lengre inne (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Det såg lenge ut til at Os A-lag skulle gå på eit sjeldan poengtap i gårsdagens bortekamp mot Sund. Det var heilt til ringrev Mats Cato Moldskred dukka opp på overtid og osingane kunne sleppe jubelen laus!

A-laget har ikkje gått på poengtap sidan uavgjort-resultatet mot Sandviken 3.juni, men det såg lenge ut til at Sund skulle bli det tredje laget som makta å få med seg poeng mot osingane i årets sesong. Sund starta best og allereie etter 6 min gjekk sotrastrilane opp i leiinga etter eit gjennomløp. Os sleit med å kome inn i rytmen i fyrste omgang, var upresise, slurvete og stasjonere, slik at Sund gang på gang fekk moglegheit til å kontre. Og Sund var slett ikkje ufarlege på kontringane og kunne med enda meir effektivitet hatt ei større leiing til pause.

A-laget hadde godt av ein pause for å få samla troppene, omstille seg mentalt og legge ein plan for å snu  kampen. Utan at Os presterte opp mot sitt beste, framstod osingane på ein heilt annan måte i 2.omg. Sund hadde lite ball, låg tett og kompakt og gjorde det vanskeleg for Os å finne opningar, noko som gjorde at Os sleit litt med skape dei store målsjansane. Ved nokre tilfeller fann Os vegen gjennom Sund-muren og då blei det farleg. Moldskred blei spelt fint inn bak Sund-forsvaret av Rafael Villen, men blei på uregelmessig vis stoppa og Os blei tildelt straffe, til store protester frå Sund-spelarane. Dei meina forseelsen skjedde utafor 16-meteren, men kampleiarane i svart var sikker i sin sak. Straffa tok Moldskred sjølv, men uheldigvis for Os var Sund-keeper med på notane og heldt buret reint. Enn så lenge!

Berre minutter seinare var Øystein Takle Eide på farten. Nok ein gang stoppa Sund osingane på uregelmessig vis, og utan tvil ny straffe til Os. Denne gang rusla Rafael Villen fram til krittet, tek eit kort tilløp og set utlikna kontrollert i mål. 1-1 etter 60.min. Os fortsett å presse på, men Sund forvarte seg godt og det såg ut til å ebbe ut i poengdeling. Det var heilt til måljeger Moldskred dukka opp på overtid. Moldskred viste noko av spisskompetansen sin, forserte i feltet og set ballen i mål frå skrå vinkel, til enorm lettelse, glede og jubel for alle i tilknytning Os. Os hadde snudd kampen og fekk med seg tre nye viktige poeng heim frå Sotra.

A-laget har no spelt 15 kampar utan tap og vunnet dei sju siste. Det gule Os-toget rullar vidare! Neste kamp er mot NHH på Kuventræ!

Damelaget vann toppoppgjeret mot Årstad

Damelaget har hatt ein knallstart på haustsesongen og er verkeleg i flyten om dagen. Torsdag tok dei i mot tabelltoer Årstad på Kuventræ og etter nokre forløysande minutter mot slutten av kampen kunne damene igjen sleppe jubelen laus!

Os/Nore Neset starta klart best i toppkampen mot Årstad og kunne fort putta eit par scoringar etter fyrste omgang. Det gjorde dei ikkje og det var difor mållaust til halvtid. I andre omgang var det litt jevnare og tettare og det var lenger mellom dei store målsjansane. Men i det 83.min får endeleg Os/Nore Neset hol på byllen når Vy Nguyen sendte damene i føringa. Damene har ved fleire anledninger vist at dei er godt trent og står distansen betre enn motstanderlaga, noko dei også gjorde i denne kampen. Etter den etterlengta scoring, var damene med Vy Nguyen i spissen, lysten på meir. Berre to minutt seinare var ho på pletten igjen og auka leiinga til 2-0 for Os/Nore Neset. Om ikkje dette var spikeren i Årstad-kista, så sørga Vilde Drange Veglo for å slå spikeren for alvor heilt inn når ho fastsatte sluttresultatet til 3-0 på overtid. Fantastisk innsats av damene, som held stø kurs på tabelltopp!

Neste kamp er mot Fana 2, fredag 14.september kl. 19.00, på Fana Idrettspark!

Os 2 med viktig siger mot Nymark

Også Os 2 er sterke om dagen og ruller vidare på tabelltopp. Mot Nymark på Kuventræ tok dei tre nye og viktige poeng!

Det er dødt løp mellom Os 2 og Osterøy på tabelltopp med like mange poeng og like god målskildnad, men osingane ligg framfor med fleire scora mål. Heime mot Nymark, som ligg på fjerde plass på tabellen, var det igjen eit viktig oppgjer for å helde stand i toppen av tabellen. Os 2 starta klart best og Nymark-spelarane sleit med å henge med i starten av kampen. Os tok leiinga allereie etter eit minutt med Fabian Bødtker. Ballsikre, løpsvillige og aggresive osinger gav ikkje Nymark pusterom i fyrste omgang og i det 30.min var det fullt fortent at Os 2 auka leiinga. Etter ein fin pasning frå Anders Havsgård til Alexander Tøssebro, eit perfekt medtak og eit skot i steget, låg ballen på nytt i nota bak Nymark sin sisteskanse. Dette resultatet stod seg til pause.

I andre omgang kom Nymark meir inn i kampen og det blei jevnare med mange tøffe dueller, sjølv om Os 2 hadde forholdsvis god kontroll. Men alle som er glad i fotball, veit at det skal lite til før eit kampbilete blir totalt forandra. Medan Os 2 var farleg frampå ved eit par anledningar og det låg eit 3-0 mål i lufta, så reduserte Nymark til 2-1 på ein daudball i det 59.min. Med ein halvtime igjen av kampen endra reduseringa kampbilete, frå at Os 2 hadde nokså god kontroll, til at Nymark tok meir kommandoen. Nymark hadde meir ball og kom til nokre store scoringsmoglegheiter, nærast ved eit stolpetreff. Men Os 2 gutta stod i mot i sluttminutta og dro i land ein særs viktig siger i opprykkskampen. Med tre nye poeng held Os 2 avstanden ned til Voss på 3.plass på 8 poeng. Voss har riktignok ein kamp til gode og kan kome fem poeng bak. Os 2 møter nettopp Voss til innbyrdes oppgjer på Kuventræ 7.oktober.

Neste kamp for Os 2 er lokaloppgjeret mot Søfteland, mandag 17.sep kl. 19.00 på Stilvoll. Ta turen og støtt dei unge osingane i det viktige lokaloppgjeret!

Heia Os!