A-laget snubla mot Sandviken

Rafael Villen scora mot Sandviken, men det var ikkje nok til å redde årets fyrste heimetap! (Foto: Midtsiden).

Etter ei rekkje på ti sigrar på rad blei det bråstopp mot Sandviken. Sandviken gjorde noko ingen andre lag har klart hittil i sesongen. Dei reiste heim frå Kuventræ med tre poeng i bagasjen!

Laurdag kunne A-laget sikre opprykket med siger over Sandviken på Kuventræ. Os leverte ikkje til forventingane og i stedet var det Sandviken som fortent stakk av med alle poenga på Kuventræ. Sandviken traff godt med kamp-planen sin, var godt organisert, var aggresive og hadde høgt tempo i lengderetning når dei hadde sjansen. Os sleit med å løyse dette kampbilete og blei ofte upresise, utolmodige og stasjonære. Ein dårleg dag på jobben for Os-mannskapet. Rafael Villen scora for Os og blei kåra til dagens havnechef, men det var ikkje nok. Sandviken vann oppgjeret 1-2.

Dermed påførte Sandviken seiersvante osinger sitt fyrste heimetap i 2018. Dette er også det fyrste tapet til laget sidan sesongpremieren 9.april og fyrste poengtapet sidan vårkampen mot nettopp Sandviken 3.juni. I den kampen blei det poengdeling etter at Os rota vekk ei 3-1 leiing til 3-3 overtid. Sandviken er dermed det einaste laget i avdelinga Os ikkje har vunnet mot i sesongen. Ei ripe i lakken for Os-toget.

Til helga får A-laget sjansen til å slå tilbake når dei tek turen til Telavåg. Laurdag 6.oktober kl. 15.00. Med siger mot Telavåg er opprykket sikra!

Os 2 kan sikre opprykket til helga

Os 2 tok sin 15 siger i sesongen når dei på sundag slo Minde 1-0 på bortebane. Ein rotete kamp på Paradis såg ut til å renne ut med poengdeling før Kristoffer Røttingen dukka opp på overtid. Med denne sigeren kan Os 2 no sikre opprykket til 4.div med siger mot Voss på sundag på Kuventræ. Voss er laget osingane kjempar mot i opprykkskampen og det kan difor bli ein lysare av ein fotballkamp. Kampstart kl. 14.00!