A-laget: Sander Kvittingen sikra sterk bortesiger mot Fyllingsdalen!

Sander Fagerbakke Kvittingen sørga for tre sterke bortepoeng mot Fyllingsdalen (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Eit hardarbeidande kollektiv, pluss to strålande enkeltprestasjonar frå Sander Fagerbakke Kvittingen, gav tre sterke bortepoeng for herrelaget mot Fyllingsdalen på Varden Amfi!

«Eg følte me traff bra med kampplanen og det var ein gøy kamp å spele. Det blei også ein god dag for min del og eg tok sjansen når eg fekk den. No er det berre å køyre på vidare», seier ein nøgd tomålshelt, Sander Fagerbakke Kvittingen.

«Det fyrste målet skjer på instinkt. Ballen spratt litt min veg før eg fekk eit godt 1.touch og eg smalt til på halvspretten. Det var deilig å sjå at ballen gjekk i nettet. Det andre målet kom etter ein løpsduell der eg kom meg åleine med keeper. Keeper kom kjapt ut og eg gjekk for lobben. Keeper gjekk ned og det var godt å sjå at ballen gjekk i ein fin boge over keeper og i mål».

I neste kamp blir det fotballfest på Kuventræ. Os Fotball markerer 100 år med gratisarrangementet Barnas Dag og Os mot Fjøra kl. 15.00!

Fyllingsdalen – Os: 0 – 2
0 – 1: Sander Fagerbakke Kvittingen (Andreas Støle-Hansen)
0 – 2: Sander Fagerbakke Kvittingen (Mats Cato Moldskred)

Os:
Chris Sunde Midtun – Andreas Støle-Hansen, Alexander Dale, Vegard Strønen Skeie, Anders Hjelle Havsgård – Rune Åsheim Mo, Steffen Kvamsdal, Marius Mikkelsen – Torgeir Lunde, Sander Fagerbakke Kvittingen, Mats Cato Moldskred.

Innbyttarar med speletid: Rafael Villen, Espen Haraldseid, Fabian Bødtker.