A-laget: Det nye trenarteamet er klart!

Tim Henrik Sperrevik tek over som hovudtrenar. Med seg som assistent får han Frode Steffensen (t.h.).

Det nye trenarteamet til A-laget er klart!

Styret har blitt einige med Tim Henrik Sperrevik om at han tek over ansvaret som hovudtrenar for A-laget ut sesongen. Sperrevik har operert som hovudtrenar etter at Kvile trakk seg til side, og sportleg leiar Frode Skeie er godt nøgd med at Sperrevik no ynskjer å utvide engasjementet og ansvaret sitt rundt laget.

«Vi er veldig glade for at Tim Henrik utvider engasjementet og ansvaret sitt. Timmen kjenner klubben godt og har vore med laget i oppkjøringa. Me ynskja ikkje å starte med noko nytt no midt i sesongen, så difor er me glade for at Tim Henrik var klar for å ta ansvaret», sier Jan Frode Skeie.

Sperrevik har lang fartstid som spelar og har vore trenar for Os A-lag tidligare. Med seg som assistent får han med seg ein som også er godt kjent i klubben, Frode Steffensen. Steffensen har trena Os A-lag ved to anledninger tidligare, fyrst som spelande-trenar og lagkamerat med Skeie når Os rykka opp til 1.divisjon i 1991 og så i tospann med Per Olav Sørås i 2005, året før Os rykka opp til 2.div. Steffensen har også sete i styret til Os Fotball dei fire siste åra og kjenner godt til dagens Os-lag. Steffensen gler seg til å kome i gang, samt å vere med Sperrevik, Per Hilmar Nybø og Chris Kytiri på treningsfeltet.

«Eg har følgt med Os også dei siste åra, og har sett at det er kvaliteter i dette laget som gjer at eg trur laget kan få ein god sesong. Dessutan kjenner eg Tim godt og har jobba mykje saman med Per Hilmar Nybø. Då klubben spurte om eg kunne vere med så takka eg ja, og eg gler meg til å kome i gang», seier Steffensen til Midtsiden.

Chris Kytiri fortsett som keepertrenar og Per Hilmar Nybø fortsett som spelarutviklar og ressursperson inn mot A-laget.

Dette trur me blir bra og me ynskjer det nykomponerte trenarteamet, saman med spelargruppa, lukke til i årets sesong. Fyrste kamp for det nye trenarteamet er laurdag mot Sund på Kuventræ kl. 15.00!

Heia Os!