A-laget: Knepen siger mot NHH

Øystein Takle Eide scora 1-2 målet mot NHH torsdag kveld(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Os A-lag gjesta torsdag kveld økonomistudentane frå NHH på Åstveit. Det blei tøff batalje om poenga, men i ein slitekamp drog herrane i land ein knepen 4-3 siger!

«Det blei meir spennande enn nødvendig. NHH har mange gode spelarar, nokre med erfaring frå høgare nivå. Me køyrde dei i fyrste omgang, men blir stressa og slitne etter pause. Eg er nøgd med tre poeng på ein dag der ikkje alt klaffa», seier hovudtrenar Tim Henrik Sperrevik etter kampen.

Os tok kommandoen frå start og dominerte banespelet i store deler av fyrste omgang. Til tross for stort ballinnehav, lugga det litt for herrane våre. Sluttproduktet var ofte for dårleg eller fråverande. I enkelte angrep klaffa det betre og Os produserte då nokre store sjansar, dog utan å få ballen i nettet. I det 39.min var timingen på løp og pasning god, noko som gav Mats Cato Moldskred sjansen åleine med keeper. Han var sikker og gav Os leiinga. NHH yppa seg på nokre overganger, der dei med litt større presisjon og skarphet kunne straffa Os før halv tid. Pauseresultatet var difor 0-1.

Det fyrste som skjedde i andre omgang var at NHH utlikna på corner. Det skjedde ein misforståelse i feltet for Os, og NHH utlikna med minst mogleg margin. Os trudde dei fekk avverga faren på streken, men assistentdommeren vinka for mål. Dermed stod det likt i målprotokollen. Med dette målet fekk NHH trua, stod høgare med laget og var meir aggressive – noko som stressa Os.

Etter sjokkstarten på andre omgang, slo Os tilbake i det 53. og 57.min. Fyrst smalt Øystein Takle Eide ballen i hjørna, før Endre Brenne auka leiinga til 1-3. Til tross for ein tilsynelatande komfortabel tomålsleiing stressa NHH Os. I det 67.min reduserte dei til 2-3 og plutseleg var det NHH som var det førande laget i kampen. Kampen stod no å vippa,  men i det 86.min kunne mange osingar puste letta ut når Christoffer Hafsås varta opp med ein fantastisk enkeltmannsprestasjon og klinka inn 2-4. Ein trudde dette var spikeren i NHH-kista, men økonomistudentene gav seg ikkje. På overtid kom Øystein Takle Eide åleine med keeper. Han prøvde å lobbe ballen over keeper og i mål, men dessverre for han og Os traff ballen innsida av stolpen. På det påfølgjande angrepet konktra NHH inn nok ei redusering, slik at det stod 3-4 på måltavla. Etter nokre nervepirrande overtidsminutt gav dommaren sluttsignalet til stor lettelse for osingane på bana og tribunen.

Totalt sett blei dette ein kamp under forventningane for våre menn, men å klare og dra i land ein ny trepoenger på ein dårleg dag er ein god og viktig eigenskap i det lange løp. Igjen var det mange osingar som tok turen for å støtte gutta, strålande!

No får A-laget ein liten pause frå kampar, der det er rapportert om at det skal trenast godt. Neste kamp er mot Austevoll på Kuventræ 26.mai kl.14.00. I dag speler damelaget mot Fana 2 på Kuventræ kl. 19.00, vel møtt til den kampen!

Heia Os!

Kampfakta:

Startoppstilling:
Anders Fossen Lunde – Endre Brenne, Divaldo Cardoso, Torkel Hjertnes, Harry James Moore – Alexander Tøssebro, Marius Mikkelsen (Martin Eidsvik 75.min), Rafael Villen, Øystein Takle Eide – Christoffer Hafsås og Mats Cato Moldskred (Sander Kvittingen 65.min)

0 – 1 Mats Cato Moldskred (Christoffer Hafsås)
1 – 2 Øystein Takle Eide (Christoffer Hafsås)
1 – 3 Endre Brenne (Alexander Tøssebro)
2 – 4 Christoffer Hafsås (Rafael Villen)

Sluttresultat: NHH – Os 3-4.