A-laget er klar for NM for menn 2018!

A-laget er klare for 1.runde i Norgesmesterskapet for menn 2018

A-laget er klar for NM og me håper på ein ny cupfest med liknande ramme som på bilete!

Os A-lag møtte i går Austevoll på bortebane til 2.kvalifiseringskamp til NM. Austevoll er ein motstandar me har hatt tøffe bataljer med tidligare, som for eksempel opprykksthrilleren til 2.div i 2009. Som den gang, gjekk Os seirande ut av duellen, men Austevoll gjorde det lenge vanskeleg for våre herrer.

I fyrste omgang låg Austevoll tett og kompakt og forsvarte seg godt. Os hadde mest ball, men var unøyaktige og hadde for svakt balltempo til å trenge gjennom Austevollforsvaret. Os kom riktignok til eit par farligheter med Mats Cato Moldskred og Rafael Villén utan at det gav uttelling. Austevoll prøvde seg på nokre kontringer utan at det blei særleg farleg. Det stod dermed 0-0 til pause!

I pausen blei Os samde om kva dei måtte endre, og var lystne på å vise seg frå ei betre side i andre omgang. Og det tok ikkje lang tid før Os fekk uttelling etter pausen. Like etter at Rafael har fyrt av eit skot som treff oversida av tverrliggaren, er han igjen farleg frampå i det 48 min og skaffer straffespark til Os. Austevollspelarane heng ikkje med på dragningane til Rafael inni 16-meteren og straffen er klar. Frå straffemerket er Mats Cato sikker og sender Os i føringa, 1-0. Os fortsatte å trykke på etter skåringa og austevollingane skulle på nytt få kjennskap til Rafael sine dragninger når han i det 55.min auka leiinga til 2-0. Rafael tar med seg ballen inn i 16-meteren, etter ei fin pasning frå Alexander Dale, før han er iskald framom målet og viser nokre lekre dragninger som sender forsvarspelarar og keeper til skogs, før han kontrollert og roleg set ballen i ope mål. Ein fantastisk prestasjon av spanjolen vår!

Etter dei tidlege måla i 2.omg begynner lufta å gå ut av Austevoll-ballongen, medan Os har fått påfyll av energi, sjølvtillit og framstår på ein heilt annan måte enn i fyrste omgang. Os klarer å utnytte romma betre og ruller opp angrep etter angrep og produserer fleire store sjansar. I det 66.min sit ballen igjen i nettmaskene bak Austevollkeeperen. Eit mål frå læreboka med gode kombinasjoner på venstresida før ungguten Harry James Moore slår eit strålande innlegg langs graset mellom forsvar og keeper. I feltet er Torgeir Lunde på plass, hiver seg fram og får breidsida ballen i mål og det står 3-0. Romma opnar seg utover i kampen og i det 81.min slår Harry eit nytt godt innlegg til Rafael, som frå kort hald stanger ballen inn og blir tomålskårar, 4-0. Det blei også det siste målet i kampen. Det blei etterkvart ein komfortabel siger og Os er på ny klare for NM.

Rafael Villén som var sterkt delaktig i sigeren er godt nøgd med avansementet til NM.

«Det var ein heilt grei kamp. Me dominerte med og utan ball, men sjølvsagt var det betre i 2.omg. Me skårte 4 mål og hadde etterkvart ok balltempo og intensitet til å vinne mot eit defensivt lag. Eg er veldig nøgd med lagkameratene mine. Det blir spennande  og gøy å spele fyrste runde i NM», seier ein blid tomålsskårar.

Kven som blir motstander i fyrste runde i NM blir trekt i morgon. Me håper på ny cupfest på Kuventræ!

Laget mot Austevoll:

Formasjon: 1-3-4-2-1
Frode Moberg Øvredal – Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Alexander Dale – Harry James Moore, Marius Mikkelsen, Håkon Kvittingen (Martin Eidsvik frå 46.min), Endre Brenne (Alexander Tøssebro frå 29.min) – Rafael Villén Villén, Torgeir Lunde (Øystein Takle Eide frå 66.min) – Mats Cato Moldskred.

Mål og assist:

1-0 Mats Cato Moldskred str. 48.min (Rafael Villén)
2-0 Rafael Villén Villén     55.min        (Alexander Dale)
3-0 Torgeir Lunde              66.min        (Harry James Moore)
4-0 Rafael Villén Villén     81.min        (Harry James Moore)