A-laget sin kamp mot Austevoll er flytta

Alexander Dale er ein av austevollingane på laget som er klar for å møte gamle lagkompiser i helga (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

A-laget sin kamp i kveld mot Austevoll er flytta til i morgon, laurdag 22.09 kl. 17.00, grunna sterk vind. Laget frå øya i havgapet kjempar i botn av tabellen og er på poengjakt, så det er venta å bli ein tøff kamp om poenga. Når Os i tillegg har fleire austevollinger på laget er nok sjøfolket frå Austevoll ekstra tent på å sette kjepper i hjulene på eit opprykksjagande Os-tog. Det er austevollingane til Os, Alexander Dale, Frode Storebø og Marius Mikkelsen, fullstendig klar over.

«I situasjonen me er i vil alle lag slå oss, og motivasjonen til Austevoll for å gjere det er nok enda større enn hos dei fleste lag. Dei vil sjølvsagt slå oss austevollingar som spelar for Os. Eg trur det blir ein tøff kamp om poenga», seier Alexander Dale.

Vel møtt til kamp i Austevoll laurdag kl. 17.00!

Heia Os!