A-laget fekk revansje mot Fyllingsdalen 2

Dagens målscorarar, Erik Kanestrøm og Christoffer Hafsås.

Os A-lag kom sigrande ut av dagens toppoppgjer mot Fyllingsdalen 2 på Kuventræ. Mannskapet fekk med det revansjert tapet mot Fyllingsdalen 2 frå serieopninga, og det smakte godt!

Os spant ut av startblokkene i dagens kamp. Under eit minutt ut i kampen får nemleg Os tildelt straffespark når Øystein Takle Eide blir felt på uregelmessig vis av Fyllingsdalen 2 sin sisteskanse. Straffa ekspederte Erik Kanestrøm, som var tilbake i gult og svart etter eit kort opphald i Øystese, sikkert i nota. Comeback-kid Kanestrøm, var godt nøgd med å vere tilbake i moderklubben.

«Det var veldig kjekt å vere tilbake i Os-drakta igjen. Me vann og eg fekk i tillegg teikna meg på scoringslista. Deilig å få kjenne på den godfølelsen. Det var litt tungt å komme i gang igjen, men utruleg deilig å vinne. Dette var ein lagsiger», seier dagens fyrste målscorar.

Dagens havnechef/ dagens osing blei Christoffer Hafsås. Kraftspissen, som entra bana når Alexander Dale måtte kaste inn handkle grunna ein skade tidleg i den fyrste omgangen, markerte seg umiddelbart. Han gjorde livet surt for Fyllingsdalen-forsvaret og etter eit par nesten-moglegheiter, så satt ballen i nota for Hafsås og Os. Dagens mann var godt nøgd med å vere i gang igjen etter ferien.

«Det var godt å kome i gang igjen. Det har vore ei lang ferie, så det har kribla litt i beina. Det er kjekt at me er på frå start av. Me gjer ein god kamp og vinner fortent 2-0. Det var viktig å sette standeren og skaffe oss eit godt utgangspunkt for hausten, som blir lang og tøff», seier Hafsås.

Dagens osing var også fornøyd med eigen innsats etter kampen.

«Eg blei benka, så då var det berre å kome inn og gjere det beste ut av det når eg fekk sjansen. Det gjekk bra. Eg fekk meg ei scoring og leverte ein god prestasjon, så eg er fornøyd med det».

Til tross for fleire store sjanser, blei det ikkje fleire scoringer i kampen. Toppoppgjereret enda 2-0 til Os. Allereie på fredag er det duka for ny toppkamp. Då venter Lyngbø, som per no ligger på 2.plass på tabellen, to poeng bak Os. Den kampen går på bortebane.

«Det går slag i slag no. Det gjelde å omstille og bygge vidare på det me leverte i dag. Det er ein toppkamp på bortebane og det blir knalltøft. Me går for tre poeng i kvar einaste kamp og gjer sjølvsagt det også mot Lyngbø», avslutter Hafsås.

Lyngbø – Os,  fredag 17.august kl. 19.00 på Lyngbø Idrettspark. Ta turen og støtt herrene i jakta på tre nye poeng!

Historias fyrste Os Fotball brødpose – vinnar

På fredag var det som kjent lansering av Os Fotball sitt eiga fotballbrød frå Hagavik Hjemmebakeri på REMA 1000. I tillegg til at brødet smaker godt og 1,- går til klubben per brød, så lønner det seg å ta vare på brødposane. Alle brødposane er nummererte og kan vere vinnartalet i trekning av flotte premier i pausen på A-laget Herrer sine heimekamper. Det einaste du behøver å gjere er å ta vare på brødposen, fylle inn skjemaet på baksida av brødposen og levere den til klubben på A-laget Herrer sine heimekamper. Du er då med i trekninga av premier i pausen. Den fyrste moglegheit til å ha med seg brødposer var til dagens kamp på Kuventræ. I pausen blei det trekning og historias fyrste Os Fotball Brød – vinnar blei kåra. Den fyrste vinnaren blei Hans Ingebrigtsen, som vann eit gåvekort hos Sport Norge. Me gratulerer!

Gjer som Hans, kjøp Os Fotball Brødet, ta med brødposen på A-lagskamp og du er med i trekning av fine premier i pausen!

Heia Os!