A-laget blei krinsmeister i 4.div!

(Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Torsdag kveld møttes avdelingsvinnarane i 4.div, Os Fotball og Bergen Nord, til finale om krinsmestertittelen i 4.div. Eit ungt Os-mannskap avslutta årets sesong med 3-0 siger og KM-tittel!

Kampen blei spela på Bergen Nord si heimebane på Salhus og det blei ein jamn affære mellom avdelingsvinnarane. Os tok initiativet frå start og det tok ikkje lang tid før Trym Hjørnevik stanga inn sitt fyrste mål for A-laget på dødball. Kampen svinga fram og tilbake etter målet, med store sjansar til begge lag og tøffe dueller. I 2.omg auka Øystein Takle Eide leiinga to ganger og fastsatte sluttresultatet til 3-0.

Dermed avslutta A-laget årets sesong med siger og KM-tittel. Me gratulerer A-laget med årets sesong!