A-laget: Ny assistenttrenar på plass!

 

Tim Henrik Sperrevik som har trena både A- og B-laget til Os tidligare, trer på nytt inn i trenarteamet til Os sitt A-lag. Den tidligare storskåraren blir ny assistent og er klar for å ta fatt på oppgåva.

«Det er mykje positivt å sjå i Os fotball om dagen. Eg synast blant anna klubben har mange flinke trenarar med stor fagleg kompetanse, som er engasjerte, har stor glød og er utviklingsorienterte. I tillegg er det mange flinke og ivrige unggutter som pusher på for å utvikle seg. Målsettinga mi er å bidra til at laget kjem seg fort opp att i divisjonsystemet.»

Den nye assistenten har stor tru på at Os fotball kan bygge ei god grunnstamme som kan ta steget opp til 2.div på kort sikt. Men at det krev hardt og målbevisst arbeid!

Os fotball ynskjer Tim Henrik Sperrevik velkommen i trenarteamet til A-laget!

Dagleg leiar Endre Brenne, som også starta året som assistent for a-laget, vil fortsatt vere ein diskusjonspartner inn mot trenarteamet til A-laget.

Neste A-kamp er fredag 9. feb mot Fana kl 20.00 i Sotra Arena.