TELENOR XTRA FOTBALLFRITIDSORDNING

Os Fotball si fotballfritidsordning (FFO) er eit tilbod etter skuletid med leksehjelp, mat før og etter trening samt fotballtrening med kompetente trenarar. I førarsetet er trivsel og samhald!

Påmelding:

Følg peikaren for påmelding: https://www.superinvite.no/
SPV Os Akademiet: https://www.superinvite.no/#/invitation/e9f586fda2075a00e9c19361abf115ef

VEILEDNING PÅMELDING FFO OG AKADEMIET PÅ SUPERINVITE

Kva er FFO?

Som Telenor Xtra-klubb, tilbyr Os Fotball skulefritidstilbodet Telenor Xtra FFO for 2.-6.klassingar, samt Os Fotball sitt eige Akademi-tilbod, måndag til fredag. På FFO er det fokus på fysisk aktivitet, kosthald og leksehjelp. På fotballfritidsordninga vår får barna leksehjelp av utdanna pedagogar, mat før og etter trening samt ei kvalitetstrening med utdanna fotballtrenarar.

Det blir lagt opp til varierte aktivitetar med fokus på motorisk utvikling, utvikling av ballferdigheiter, trivsel og samhald. Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, samt eit sterkt tilhøyr i eit trygt og inkluderande miljø.

På FFO er me opptekne av å utvikle heile mennesket og ha fokus på gode og sunne haldningar. Me ynskjer å bidra til gode vaner gjennom vektlegging av kosthald, hygiene, lekser, folkeskikk og eigentrening. Alle på FFO skriv under på Haldningskontrakt Os Fotball. 

Våre pedagogiske stikkord på FFO er:
– Sjå og bli sett.
– Inkludér og bli inkludert.
– Fair play.
– Medbestemming.

Fokusområder i treningsarbeidet: 
– Pasningsferdigheiter og bevegelse etter pasning («Pass and Move»).
– 1 vs 1 ferdigheiter offensivt og defensivt.
– Orienteringsevne. Kva skjer før, når og etter ein har ball?
– Utvikle bevegelseskompetanse (hurtigheit, balanse, koordinasjon og kjernemuskulatur).

Telenor Xtra er eit samarbeid mellom Telenor og Norges Fotballforbund som ein kan lese meir om på Norges Fotballforbund sine nettsider: telenorxtra_brosjyre-web.

Kven og korti?

Os Fotball si fotballfritidsordning er for born i 2.- til 6.klasse.

FFO: Tysdag og torsdag har me tilbod for born i 2. og 3. klasse.
FFO Mini Akademiet: Måndag og onsdag for born i 4. til 6.klasse.
SPV Os Fotball Akademiet: 7. – 10.klasse.

Korleis er ein vanleg dag på FFO?

12.30 – 14.00: Henting, leksehjelp, sosialt samvær (brettspel, leik, anna aktivitet osb.)

14.00 – 14.30: Måltid (kald/varm mat). Alternativ mat til born med allergiar.

14.30 – 15.45: Treningsøkt. Fokus: meistring for alle!

15.45 – 16.30: Restitusjonsmåltid (frukt og yoghurt). Henting frå foreldre. Takk for i dag!

Generell informasjon

MÅNADSPRIS:

FFO                                                                                 

1. dag i veka:       750,- (+ 50,- for henting).

2. dagar i veka : 1300,- (+ 50,- for henting).

Opningstid: Kl. 12.30 – 16.30.

Henting: Me henter på Os barneskule, Os ung.skule, Lunde barneskule, Søfteland barneskule, Halhjem barneskule og Lysekloster barneskule.

Oppseiingstid: 1 mnd. Bindande påmelding.

Utstyr: Alle får utstyrspakke frå Telenor til ein eigenandel på 100kr.

FFO fylgjer skuleruta til Os Kommune.

SPV Os Fotball Akademiet

SPV Os Akademiet er eit ekstratilbod for alle ivrige fotballspelarar i 7. til 10. klasse i samarbeid med Sparebanken Vest!

Påmelding: https://www.superinvite.no/#/invitation/e9f586fda2075a00e9c19361abf115ef

Formålet med tilbodet er å gje ungdom med stor treningsiver og motivasjon i ungdomsskulealder moglegheit til å trene meir og betre med eit kvalitetssikra og godt fotballtilbod utenom fellestreningar. Me ynskjer å bygge ein «toppidrettskultur» på Kuventræ og samtidig utvikle flest mogleg til eigne A-lag og vidare på høgare nivå. Det er mange unge lovande på veg opp og fleire av akademi-spelarane våre har gjennom året vore på krets og nasjonale tiltak.

Os Akademiet er også meir enn berre fotball. I tillegg til å utvikle dei tekniske og taktiske ferdigheitane til spelarane ynskjer me å vektlegge det fysiske og mentale. Me vil nytte oss av kompetanse frå andre idretter og ressurspersoner på Akademiet. Det blir blant anna yoga-timer med Os Yoga, hurtigheitstreningar med landslagstrener i friidrett, foredrag med Olympiatoppen og andre sterke ressurspersonar i krets og forbund, samt mykje anna moro!

Praktisk informasjon:

Treningsdager:

– Tirsdag: morgontrening kl. 06.45 – 08.00.

– Fredag: ettermiddag kl. 14.45 – 16.15.

– Søndag: kl. 17.00 – 18.30 (januar til ut april)

Måltid:

– Felles frukost etter tirsdagsøkta.

– Mat før og etter fredagsøkta.

Transport:

– Transport til skulen etter morgontrening på tirsdagen.

– Henting på skulen på fredager.

– Søndag må ein ordne transport sjølv.

Fokusområder i trening:

Fysisk:

– Hurtigheit – agility.

– Skadeforebyggende trening.

– Bevegelighet – koordinasjon – balanse.

Teknisk/taktisk:

– Utvikle funksjonell og hurtig teknikk – godt fyrste touch.

– Kva skjer før, under og etter ball? Persepsjon og val som angriper.

– Press og gjennvinning – intensitet og tempo. Sentralt i alt treningsarbeidet.

Mentalt:

– Eierskap til eigen utvikling.

– Tilstedeværelse, fokus og energi i treningsarbeidet!

Kontakt FFO- og Akademiansvarlege:

Velkommen i

Os Fotball si FFO-familie!