63 spelarar og trenarar frå Os Fotball på treningsleir!

Her har spelarane ankommet hotellet og får diverse informasjon omkring opphaldet på treningsleiren.

Laurdag 24. februar satte Os Fotball sine seniorlag, A-, B- og damelaget, kursen vekk frå snø og slaps, til grønt gras og varme, og treningsleir. I år reiser Os Fotball med totalt 63 spelarar og trenarar til Side i Tyrkia. Treningsleir er eit lyspunkt i ein lang oppkjøring og ikkje minst ein viktig og ideell arena for å bygge gode relasjoner, både på og av grasbana. At seniorlaga våre reiser samla, fører også til tettare bånd innad i klubben.

Det var ikkje berre Os sine seniorlag som hadde planlagt treningsleir til Tyrkia i vinterferieveka. I likskap med Os satte også herrelaga til Lysekloster, Bergen Nord og Bjarg seg på flyet på Flesland i retning sydligare strøk.

Reisa til Side gjekk knirkefritt. Det var god stemning med mykje latter og smil under heile reisa. Etter at me ankom hotellet, Sidestar Resort, var det duka for kveldsmat og eit informasjonsmøte. Resten av kvelden blei brukt til å gjere seg kjent med hotellet sine fasiliteter. Damelaget nytta også kvelden til å ta ein liten joggetur for å sjekke området rundt hotellet og få reisa ut av beina. Gutta nøyde seg med kortspel. Etter kvart kunne freden senke seg og me var klare for å ta fatt på ei god treningsveke!

Dag 1: Gode treningsfasiliter!

Fyrste dagen på leir blei for alle lag nytta til å gjere seg kjend med underlaget og få kroppen i gang. Det var i dag sol, blå himmel og fin temperatur. Begge herrelaga gjennomførte i dag to treningar, medan damelaget starta med ei morgonøkt, før dei kunne bruke resten av dagen etter eiga ynskje.

Det var mykje positiv energi å spore i det spelarane knytta på seg fotballskorna til dagens treningar, klare for å springe ut på strøkne grasmatter. Med gode baner, styrkerom og symjebasseng på hotellet, så er treningsfasilitetane utmerka. Alt ligg til rette for eit godt treningsutbytte, med terping på både detaljer, struktur og relasjoner.

Kvelden har blitt brukt til å slappe av, sjå PL og vere sosiale. Blant lagleiarar og trenarar er sjakk populært, medan det blir mykje kortspel på resten. Det har vore ein fin start på treningsleiren og i morgon kjører me på vidare! Me kjem med fleire oppdateringar i løpet av veka. Det kjem blant anna også innslag frå OsTV, så følg med!

Følg også Os Fotball på facebook og snapchat, samt Os TV på youtube!

Vedlagt ligg eit par bilete frå fyrste dag på treningsleir. God kveld frå Tyrkia!