5.serierunde

Mats Cato Moldskred og Roger Ekeland var på hugget og scora Os sine mål mot Fyllingsdalen (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

5. serierunde i Norsk Tipping-ligaen:
Os – Fyllingsdalen: 3 – 3

Os tok i mot Erik Huseklepp og Fyllingsdalen til 5.serierunde i Norsk Tipping-ligaen. Ein tempofylt og målrik kamp enda til slutt med poengdeling.

Os starta kampen best. Etter eit par farlege Os-sjanser kunne alle Os-patrioter endelig sleppe jubelen laus for årets fyrste heimemål. I det 33.minutt sendte nemleg Roger Ekeland Os i føringa med eit sikkert straffespark. Målet såg ut til å gje osingane ein solid vitamininnsprøytning og Os fortsatte å angripe for å få fleire mål. I det 38.minutt fekk Os belønning når Mats Cato Moldskred dobla leiinga til 2-0. Os var nære å auke leiinga like etter, men denne gang var marginene på Fyllingsdalen si side. I det alt såg så lyst ut straffa Erik Huseklepp osingane. Like før pause tok Fyllingsdalen eit rask frispark på egen banehalvdel som sendte Huseklepp åleine med Chris Sunde Midtun. Huseklepp gjorde ingen feil og reduserte til 2-1.

Fyllingsdalen hadde no fått fornya energi og tok over initiativet i kampen. Os var på hæla ut frå start av 2.omgang, men klarte etterkvart å samle seg litt og produserte nokre farligheter. Den største sjansen var det Fabian Bødtker som fekk når han kom åleine med Fyllingsdalen sin sisteskanse. Dessverre for Os blei det ikkje nettkjenning denne gang. I stedet er det Fyllingsdalen som syt for balanse i målprotokollen. På stillinga 2-2 fekk Os annullert eit mål når Marius Mikkelsen bredsida ballen i nettet, før Fyllingsdalen i det 79.min fullfører snuoperasjonen etter klabb og babb på corner. Ein stor skuffelse og kontrast til jubelen i 1.omgang.

Men Moldskred og Os hadde ikkje tenkt å gå på nok eit nederlag på Kuventræ. Moldskred stilna jubelen til Fyllingsdalen minuttet etter når han frå skrått hold scora sitt andre mål for dagen og det stod 3-3 i det 80.minutt. No var Os i støtet igjen og pressa på for vinnermålet. Like før slutt var Roger Ekeland nære på å sette inn 4-3, men Fyllingsdalen sin sisteskanse stod nok ein gang i vegen.

Det blei ikkje fleire mål og det enda med poengdeling. Dermed er årets fyrste poeng innkassert på Kuventræ, sjølv om sigeren lar vente på seg. Neste moglegheit til heimesiger er mot Sogndal 2 på Kuventræ laurdag 25.mai kl. 15.

Før den tid venter Fana på Nesttun idrettspark i morgon 16.mai kl. 18.00! Velkommen på kamp!

Damespelarane måtte sjå seg slått av Fana (Benjamin Søgnen Olsen)

5.serierund 3.divisjon Kvinner:
Os/Nore Neset – Fana: 0-2

Etter ein god sesongstart måtte jentene i den femte serierunden sjå seg slått av eit godt Fana-lag. Oppgjeret enda 0-2 til gjestene frå Nesttun og Fana er dermed det fyrste laget som klarte å overliste Os/Nore Neset sidan Årstad 6.mai 2018!

Os/Nore Neset var førebudd på ein tøff kamp mot eit lag med mykje erfaring frå 2.divisjon. Os-jentene makta ikkje å kome seg opp på sitt beste nivå og det blei dermed tøft mot eit sterkt Fana-lag, som var betre i dei fleste faser i denne kampen.

Neste kamp er søndag 19.mai kl. 17.00 mot Åsane 2 på Myrdal.

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

5.serierunde 4.div herrer:
Os 2 – Øystese: 2-4

Os 2 dominerte banespelet, men Øystese var eit knepp betre og meir effektive i dei avgjerande situasjonane. Øystese fekk dermed med seg 3 poeng tilbake til Hardanger!

Os 2 fekk ein verst tenkelig start på kampen. Før tilskodarane hadde fått satt seg på dei nye tribunestolane på Kuventræ låg ballen i Os-buret. I følge kamptråden til «altmuligmann» i Øystese, Roger Vassnes, var det i tillegg ein overraskande målscorer for bortelaget, som sett vekk frå sjølvmål i førre kamp, ikkje hadde scora på fleire år for kvammingane. Vondt skulle bli til verre når same mann auka til 2-0 for gjestene i det 27.min. Os reduserte med Frode Storebø i det 47.min, før Øystese igjen fann nettmaskene til 3-1. Kristoffer Røttingen tente poenghåpet for Os 25 minutter før slutt, men i jakten på utlikning punkterte i stedet Øystese kampen til 4-2 på tampen.

Neste kamp er søndag 19.mai kl. 15 mot NHH på Åstveit!