5 kjappe spørsmål med Os-gutane

Os Coventry var eit av laga som spelte kamp på tirsdag (Foto: Gøril Hernes)

Tysdag 11. september var det duka for heile tre kampar for nokon av Os-gutane i G9, G10 og G11. Os Tiger møtte Lysekloster Hvit, mens det var lokaloppgjør mellom Os Coventry og Os United.
Me fekk gjere eit miniintervju med nokon av gutane på kvart av laga.

5 kjappe:

  1. Kvifor speler du fotball?
  2. Kvaslags posisjon speler du?
  3. Kva liker du med den posisjonen?
  4. Kva lag ville du spelt på om du kunne velge av alle lag i verda?
  5. Kven er best – Ronaldo eller Messi?

Erling Lund Bertheussen (Os Tiger)

  1. Eg syns det er gøy, og så får eg ikkje sitje heime heile tida
  2. Eg speler mest bak
  3. Ingenting
  4. Manchester United
  5. Messi

Sølve Thomassen Skorpen (Os Tiger)

  1. Bestevennen min viste meg korleis det var å spele fotball i første klasse, og så tenkte eg at det var veldig gøy. Så spurte pappa om eg ville byrje med fotballtrening, og då sa eg ja
  2. Plar spele mest framme, men speler av og til bak. Liker best å spele spiss
  3. Fordi eg er best framme
  4. Bayern München
  5. Ronaldo

Mateo Heilund (Os Tiger)

  1. Fordi det er gøy
  2. Forsvar og keeper. Av og til keeper. Liker best forsvar
  3. Fordi det er gøy
  4. Barcelona
  5. Ronaldo

Gjengen i Os Tiger

Remy Torgersen (Os United)

  1. Fordi eg har lyst å bli betre
  2. Midt
  3. Der får eg springa meir
  4. Liverpool
  5. Messi

Tarald Fedje Skeie (Os United)

  1. Fordi eg har lyst å bli verdas beste fotballspiller
  2. Back
  3. Å beskytte målet
  4. Manchester United
  5. Ronaldo

Gjengen i Os United

Henrik Helland (Os Coventry)

  1. Fordi eg syns det er gøy
  2. Spiss
  3. Der kan eg scora mest mål
  4. Os
  5. Syns dei er like gode

Oliver Johnsen Hanevik (Os Coventry)

  1. Det starta i barnehagen, då syns eg det var veldig gøy. Så ville eg trene og bli betre på det
  2. Midten
  3. Der føler eg at eg har kontroll på laget
  4. Manchester City, men ville egentlig valgt å bli proff på Os
  5. Messi, fordi han har veldig fine skudd

Gjengen i Os Coventry