40 prosent auke for grasrotandelen på landsbasis

Gje din støtte til Os Turnforening
Norsk Tipping spelar på lag med grasrota og gjev i desse dager overskotet sitt så langt i 2018 til frivillige organisasjoner og idrettslag i Norge. Grasrotandelen er ein fin gest frå Norsk Tipping som gjev deg som spelar gjennom deira kanaler moglegheit til å vere med å bestemme kva eller kven som skal få noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gang du spelar hos Norsk Tipping vil sju prosent av din speleinnsats gå til den grasrotmottakeren du velger – utan at det går utover din innsats, premie eller eller vinnarsjanse. Det vil seie at spelar du Lotto for hundre kroner vil sju kroner gå til Os Turnforening.

Over 200 millioner kroner er gitt til lag og foreninger via grasrotandelen så langt i 2018

Norsk Tipping drysser ut penger til frivillige lag og foreninger tre gongar i året. Den fyrste utbetalinga skjer etter dei fire fyrste månadane og så langt i år er det delt ut over 200 millioner kroner til lag og foreninger via grasrotandelen til Norsk Tipping. Dette er ein auke på heile 40% på landsbasis frå tilsvarande periode i 2017. I Os er auka på 17,55 prosent.

«Dette er heilt fantastiske tal – at vi skulle komma over 200 millioner var noko vi drømde om, og at vi kom over det med 6,6 millionar kroner er heilt utruleg. Denne auka i prosensatsen vil få stor betyding for mange tusen lag og foreninger over heile landet», seier Anne Helseth, fagansvarleg for Grasrotandelen i Norsk Tipping i ei pressemelding.

Til no er omlag 1,1 millioner kunder hos Norsk Tipping som har velt seg ein grasrotmottaker. Dette betyr at 900 000 kunder ikkje har velt seg ein mottaker enda. Me håper nokon av dei har eit hjarte i Os Turnforening og ynskjer å støtte klubben med sin grasrotandel!

Me har per no 643 grasrotgjevarar til Os Turnforening. Me har eit mål om å runde 1000 gjevarar innan 2019! Bli med!

Slik gjev du grasrotandelen din til Os Turnforening:

  • Send sms «GRASROTANDELEN 983958249» til 60000.
  • Hos kommisjonær.
  • Norsk Tippings mobilspel.
  • Norsk Tippings nettsider.