2012-kullet starter opp igjen etter ferien

På nyåret starta 2012-kullet opp med fotballaktivitet i klubben og gjengen har hatt ein knakande kjekk start. Dei er i dag ein fin gjeng på 10 – 12 unge fotballspirar og dei tek hjarteleg i mot fleire ivrige born. 2012-kullet startar opp igjen med med oppstartstrening etter ferien, onsdag 15.august kl. 1630-1730 på Kuventræ. Hovudfokus på øktene er fotballglede, meistring og samhold. Laget blir trena av Ørjan Håland og Øystein Ivarsen.

Oppstart av eiga jentelag på 2012-kullet

Det har førebels vore fellestreningar for jenter og gutar på 2012-kullet, men me startar no opp med eiga jentelag. Tirsdag 21.august kl. 16.30-17.30 er det oppstartstrening for jenter fødd i år 2012. Så, om du har ei ivrig jente som har lyst å starte opp med fotball, er det berre å møte opp på Kuventræ tirsdag 21.august. Dette blir også treningstida vidare. Det vil vere fokus på meistring og fotballglede og det er ein fin arena å knyte nye vennskap. Alle som vil er hjarteleg velkommen! I den anledning søkjer me frivillige trenarar til jentene. Har du anledning til å vere med å trene eller hjelpe til på ein eller anna måte, ta kontakt med dagleg leiar Endre Brenne på endre@osfotball.no.