Knakande kjekt med fotballstart for 2012-kullet!

2012-kullet, som starta opp med fotballaktivitet i Os Fotball på nyåret, er no godt i gong på treningsfeltet på Kuventræ. Dei har gjennom heile vinteren fått utfolde seg inne i gymsalen på gymnaset, men har nyleg flytta treningane ut på kunstgraset på Kuventræ. Dei har treningar på onsdager (ute på Kuventræ) i tidsrommet 16:30 – 17:30. Dei er per dags dato 10-12 unge fotballspirer som trener fast og har det kjekt med fotballen og kvarandre. Og det er plass til fleire! Har du eit 2012-born som ynskjer å ha det gøy med fotballaktivitet i fellesskap med andre i same kull, så er dykk hjarteleg velkommen til fotballaktivitet på Kuventræ kvar onsdag!

Øystein Ivarsen og tidligare A-lagsspelar og trenar, Ørjan Håland, leiar treningane, i tillegg til at fleire andre frivillige foreldre vil vere med å hjelpe til. Borna har det kjempekjekt, noko me er veldig glade for! Kanskje me har ein ny Os-helt i desse rekkjene? Det viktigaste er i alle fall at borna har det kjekt, noko det tilsynelatande kan sjå ut som dei har! Strålande!

Stå på vidare!